Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Paulus' brev til Titus

1

Helsing

1 Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel – utsend for å føra Guds utvalde til tru og læra dei å kjenna sanninga som gjev gudsfrykt 2 og håp om evig liv – det livet som Gud, han som ikkje lyg, har lova frå evige tider. 3 Til fastsett tid har han openberra sitt ord i den bodskapen som er tiltrudd meg etter påbod frå Gud, vår frelsar.

4 Eg helsar Titus, mitt ektefødde barn i vår felles tru: Nåde og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår frelsar!

Eldste og tilsynsmenn

5 Eg lét deg vera att på Kreta så du skulle få orden på det som endå var ugjort, og setja inn eldste i kvar by, som eg baud deg. 6 Ein eldste må det ikkje vera noko å seia på: Han skal vera mann til éi kvinne, borna hans må vera truande, ikkje trassige og ikkje kunna klagast for å leva eit vilt liv. 7 For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera eigenrådig, bråsint, drikkfeldig eller hardhendt og ikkje ute etter skammeleg vinning. 8 Men han skal vera gjestfri og ha kjærleik til det gode, vera forstandig og rettferdig, ha ærefrykt for Gud og ha herredøme over seg sjølv. 9 Han må halda seg til det truverdige ordet i samsvar med læra, så han er skikka til både å rettleia etter den sunne læra og å visa at dei som talar imot, tek feil.

Dei falske lærarane

10 For det er mange som er trassige, særleg blant dei omskorne. Dei fer med tomme ord og fører folk vill. 11 Du må stoppa munnen på dei, for dei fører ulukke over heile familiar når dei spreier ei falsk lære for å få skammeleg vinning sjølve. 12 Ein av deira eigne, ein profet, har sagt: «Kretarar har alltid vore løgnarar, råe villdyr, grådige og late!» 13 Dette vitnemålet er sant. Difor skal du refsa dei strengt, så dei kan få ei sunn tru. 14 Dei må ikkje halda seg til jødiske mytar og bod, gjevne av menneske som har vendt seg frå sanninga. 15 Alt er reint for dei reine, men for dei ureine og vantruande er ingen ting reint. Nei, hos dei er både vitet og samvitet ureine. 16 Dei forsikrar høglydt at dei kjenner Gud, men med gjerningane sine fornektar dei han. Dei er avskyelege og ulydige og ute av stand til å gjera noko godt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.