Ukraina flaggUkraina trenger bibler – kan du hjelpe?
Én bibel koster kr 71
Gå til forsiden

Første Mosebok

28 

1 Då kalla Isak Jakob til seg. Han velsigna han og gav han denne formaninga: «Du skal ikkje ta deg ei kone blant kvinnene i Kanaan! 2 Dra straks til Paddan-Aram, til huset åt Betuel, morfar din! Der skal du ta deg ei kone blant døtrene til Laban, morbror din. 3 Måtte Gud, Den veldige, velsigna deg og gjera deg fruktbar og talrik så du blir til ei forsamling av mange folk. 4 Måtte han gje deg og ætta di Abrahams velsigning så du kan ta i eige det landet du bur i som innflyttar, landet som Gud gav Abraham.» 5 Så sende Isak Jakob i veg, og han drog til Paddan-Aram, til aramearen Laban, son til Betuel. Han var bror til Rebekka, mor til Jakob og Esau.

6 Esau skjøna at Isak hadde velsigna Jakob og sendt han til Paddan-Aram for å ta seg ei kone der. Han hadde velsigna han og gjeve han denne formaninga: «Du skal ikkje ta deg ei kone blant kvinnene i Kanaan.» 7 Jakob hadde høyrt på far sin og mor si og reist til Paddan-Aram. 8 Då skjøna Esau at Isak, far hans, såg med motvilje på dei kanaaneiske kvinnene. 9 Han gjekk til Ismael og tok Mahalat til kone ved sida av dei andre konene sine. Ho var dotter til Ismael, son til Abraham, og syster til Nebajot.

Jakob drøymer

10 Jakob drog frå Beer-Sjeba og tok vegen mot Harran. 11 Han kom fram til ein stad der han vart verande natta over, for sola hadde gått ned. Han tok ein av steinane på staden og la han under hovudet. Så la han seg til å sova.

12 Då hadde han ein draum: Sjå, ein stige var reist på jorda, og toppen nådde opp til himmelen. Og sjå, Guds englar gjekk opp og gjekk ned på han. 13 Då stod Herren framfor han. Han sa: «Eg er Herren, Gud til far din, Abraham, og Isak. Den jorda du ligg på, vil eg gje til deg og di ætt. 14 Ætta di skal bli som støvet på jorda. Du skal breia deg ut mot vest og aust, mot nord og sør, og i deg og di ætt skal alle slekter på jorda velsignast. 15 Sjå, eg vil vera med deg og verna deg kvar du enn går, og føra deg tilbake til dette landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg.»

16 Då vakna Jakob av søvnen og sa: «Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!» 17 Han vart redd og sa: «Kor skremmeleg denne staden er! Dette må vera Guds hus, her er porten til himmelen.»

18 Om morgonen stod Jakob tidleg opp. Han tok steinen han hadde hatt under hovudet, og reiste han som ei støtte. Så helte han olje over han. 19 Han kalla staden for Betel. Men tidlegare heitte byen Lus.

20 Så gav Jakob denne lovnaden: «Om Gud er med meg og vernar meg på vegen der eg går, om han gjev meg brød å eta og klede å ha på meg 21 og lèt meg venda attende til farshuset mitt i fred, då skal Herren vera min Gud. 22 Denne steinen, som eg har reist som ei støtte, skal vera Guds hus. Av alt du gjev meg, skal eg gje deg tiend.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.