Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Brevet til hebrearane

6 

1 Difor må vi gå vidare frå det første vi lærte om Kristus, fram mot full mogning. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen med omvending frå døde gjerningar og tru på Gud, 2 med undervising om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og om evig dom. 3 Slik skal vi gå vidare, om Gud vil.

4 Når nokon ein gong har vorte opplyst og har smaka den himmelske gåva og fått del i Den heilage ande, 5 har smaka Guds gode ord og kreftene frå den komande verda, 6 og så fell frå, då er det umogleg at dei igjen kan fornyast til omvending. Dei krossfester Guds Son på nytt og gjer han til spott. 7 Når ein åker drikk regnet som stadig fell på han, og ber grøde til nytte for dei som dyrkar han, får han velsigning frå Gud. 8 Men ber åkeren torn og tistel, er han til inga nytte. Forbanninga er nær, og det endar med at han blir avsvidd.

Guds lovnad står fast

9 Men vi har den tru om dykk, de kjære, at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer. 10 For Gud er ikkje urettferdig så han gløymer det de har gjort, og den kjærleiken til namnet hans som de har vist med å tena dei heilage, no som før. 11 Vi ønskjer berre at kvar og ein av dykk heilt til det siste må visa den same iveren etter å vera fullt overtydde i vona. 12 Då må de ikkje vera likesæle, men etterlikna dei som ved tru og tolmod arvar det som Gud har lova.

13 Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv, for han hadde ingen større å sverja ved. 14 Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik utan ende.» 15 Og Abraham venta med tolmod og fekk det Gud hadde lova han. 16 Menneske sver ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på alle innvendingar. 17 Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urokkeleg hans avgjerd var; difor gjekk han god for det med eid. 18 Med lovnad og eid, to ting som ikkje kan endrast – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt redning. 19 Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innanfor forhenget, 20 dit Jesus har gått i førevegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest av same slag som Melkisedek.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.