Ukraina flaggUkraina trenger bibler – kan du hjelpe?
Én bibel koster kr 71
Gå til forsiden

Hosea

9

Gjengjeldinga kjem

1 Gled deg ikkje, Israel!

Jubla ikkje som folkeslaga!

For du har hora deg bort frå din Gud.

Du tok gjerne imot betaling

på alle korntreskjeplassar.

2 Treskjeplass og vinpresse skal ikkje fø dei,

den nye vinen skal svikta dei.

3 Dei skal ikkje få bu i Herrens land.

Efraim skal attende til Egypt,

og i Assur skal dei eta urein mat.

4 Dei skal ikkje ofra vin til Herren,

slaktoffera deira kan ikkje gleda han.

Det skal vera som sørgjebrød for dei,

alle som et det, blir ureine.

For brødet sitt har dei for seg sjølve,

det kjem ikkje til Herrens hus.

5 Kva vil de gjera på høgtidsdagen,

Herrens festdag?

6 Sjå, dreg dei bort frå øydelegginga,

skal Egypt samla dei saman,

Memfis gravleggja dei.

Nesler skal løyna deira skattar av sølv,

tornekratt skal veksa i telta deira.

7 Dagane for straff er komne,

dagane for gjengjelding er komne,

det skal Israel få merka.


«Profeten er ein dåre,

åndsmannen er utan vit!»


Ja, fordi di skuld er så stor

og din fiendskap så sterk!

8 Profeten er Efraims vaktar, saman med min Gud,

men snarer er det på alle vegane hans,

fiendskap i huset til hans Gud.

9 Dei har vorte like djupt forderva

som i Gibeas dagar.

Han skal hugsa skulda deira

og straffa syndene deira.

Efraim skal ikkje lenger bera frukt

10 Eg fann Israel

som druer i ørkenen,

eg såg fedrane dykkar

som tidleg frukt på fikentreet.

Men då dei kom til Baal-Peor,

vigde dei seg til skamma

og vart like motbydelege som han dei elska.

11 Efraims herlegdom flyg bort som ein fugl.

Ingen føder, ingen er gravide,

og ingen blir med barn.

12 Jamvel om dei fostrar born,

skal eg ta frå dei kvart einaste eitt.

Ja, ve dei

når eg går bort frå dei!

13 Efraim er planta i ei eng,

det er som eg såg bort til Tyros.

Men Efraim må føra sine born ut

til han som drep.

14 Gjev dei, Herre!

Kva skal du gje?

Gjev dei morsliv som mistar barnet,

og bryst som tørkar inn.


15 All deira vondskap viste seg i Gilgal,

der la eg dei for hat.

Fordi dei har gjort så mykje vondt,

vil eg driva dei ut av mitt hus.

Eg kan ikkje elska dei lenger,

alle førarane deira er opprørarar.

16 Efraim er slegen,

rota deira har vorte tørr,

dei skal ikkje lenger bera frukt.

Og sjølv om dei føder,

vil eg drepa deira dyre livsfrukt.

17 Min Gud skal forkasta dei

fordi dei ikkje har høyrt på han.

Dei skal flakka omkring mellom folka.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.