Ukraina flaggUkraina trenger bibler – kan du hjelpe?
Én bibel koster kr 71
Gå til forsiden

Evangeliet etter Matteus

16

Krav om teikn

1 Farisearane og saddukearane kom til han. Dei ville setja han på prøve og bad han visa dei eit teikn frå himmelen. 2 Men han svara: *«Om kvelden seier de: ‘Det blir godt vêr, for himmelen er raud’, 3 og om morgonen: ‘I dag blir det uvêr, for himmelen er raud og mørk’. Det de ser på himmelen, veit de å tyda, men teikna for tidene kan de ikkje tyda.• 4 Ei vond og utru slekt krev teikn, men ho skal ikkje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg frå dei og drog bort.

Den farlege surdeigen

5 Då dei fór over til den andre sida, hadde læresveinane gløymt å ta med brød. 6 Jesus sa til dei: «Pass dykk og ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.» 7 Dei samtala om dette og sa til kvarandre: «Det er fordi vi ikkje har teke brød med oss.» 8 Men Jesus merka det og sa: «Kvifor snakkar de om at de ikkje har brød – de lite truande! 9 Skjønar de enno ingenting? Hugsar de ikkje dei fem brøda til dei fem tusen, og kor mange korger de då fekk att? 10 Eller dei sju brøda til dei fire tusen, og kor mange korger de då fekk att? 11 Korleis kan de tenkja at det var brød eg tala om? Men ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.» 12 Då skjøna dei at det ikkje var surdeig i brød dei skulle akta seg for, men læra til farisearane og saddukearane.

Peters vedkjenning

13 Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» 14 Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.» 15 «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» 16 Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» 17 Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. 18 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. 19 Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» 20 Så forbaud han læresveinane strengt å seia til nokon at han var Messias.

Jesus talar om at han skal døy og stå opp att

21 Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp. 22 Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.» 23 Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

Å følgja Jesus

24 Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25 For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27 For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort. 28 Sanneleg, eg seier dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma med kongsmakt.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.