Gå til forsiden

Salmane

24 

1 Ein salme av David.


Jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til,

verda og dei som bur der, er hans.

2 For han har grunnlagt jorda på havet,

grunnfest henne på strøymande vatn.


3 «Kven kan gå opp Herrens fjell,

kven får stå på hans heilage stad?»

4 «Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarte,

som ikkje lengtar etter løgn og ikkje gjer falsk eid.

5 Han blir velsigna av Herren

og får rettferd frå Gud, sin frelsar.»

6 «Dette er ei slekt som spør etter han,

som søkjer ditt andlet, Jakobs Gud.» Sela


7 «Lyft dykkar hovud, de portar,

ja, lyft dykk, de eldgamle dører,

så kongen, den herlege, kan koma inn!»

8 «Kven er då kongen, den herlege?»

« Herren, sterk og mektig,

Herren, mektig i strid.»


9 «Lyft dykkar hovud, de portar,

ja, lyft dykk, de eldgamle dører,

så kongen, den herlege, kan koma inn!»

10 «Kven er han då, kongen, den herlege?»

« Herren Sebaot, han er kongen, den herlege.» Sela

To hender som holder Bibelen

Velkommen til ny nettbibel

Dette er en beta-versjon under utvikling. Du kan fremdeles bruke gammel nettbibel frem til 30. november.

Til den gamle nettbibelen
Les vår personvernserklæring