Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Paulus' andre brev til korintarane

13

Rettleiing til forsamlinga

1 Det er no tredje gongen eg kjem til dykk. Etter ord frå to eller tre vitnes munn skal kvar sak vera avgjord. 2 Då eg var hos dykk andre gongen, åtvara eg dei som hadde synda. No når eg er borte frå dykk, åtvarar eg dei på nytt, og alle dei andre: Når eg kjem att, vil eg ikkje spara nokon. 3 For de krev prov på at Kristus talar i meg. Og han er ikkje veik mot dykk; han er mektig hos dykk. 4 For om han vart krossfest i veikskap, så lever han i Guds kraft. Vi òg er veike i han, men for dykkar skuld skal vi leva med han i Guds kraft.

5 Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve? 6 Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve. 7 Vi bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt. Ikkje for å visa at vi har stått vår prøve, men for at de skal gjera det som godt er. Så kan det gjerne sjå ut som om vi ikkje står vår prøve. 8 For vi maktar ingen ting mot sanninga, berre for sanninga. 9 Difor gleder vi oss når vi er veike, berre de er sterke. Og det vi bed om, er at de må nå fram til stadig større mognad. 10 Difor skriv eg dette før eg kjem, så eg ikkje skal bli nøydd til å fara strengt fram mot dykk når eg er komen, og bruka den fullmakta Herren har gjeve meg. For den har eg fått for å byggja opp, ikkje for å riva ned.

11 Til slutt, sysken, gled dykk! Ta imot både rettleiing og oppmuntring! Ha eitt og same sinnelag, hald fred med kvarandre, så skal kjærleikens og fredens Gud vera med dykk.

Helsingar

12 Hels kvarandre med eit heilagt kyss! Alle dei heilage helsar dykk. 13 Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den heilage andens samfunn vere med dykk alle!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.