Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Salmane

132 

1 Ein song til festreisene.


Herre, kom i hug David

og alt han heldt ut!

2 Han svor til Herren,

gav Jakobs Mektige ein lovnad:

3 «Eg vil ikkje gå inn i huset mitt,

ikkje leggja meg i senga,

4 ikkje unna meg blund på auga

og ikkje la augneloka kvila

5 før eg har funne ein stad for Herren,

ein bustad for Jakobs Mektige.»


6 Vi høyrde om paktkista i Efrata,

vi fann henne på markene ved Jaar.

7 Lat oss gå inn i hans bustad,

kasta oss ned for hans fotskammel!

8 Reis deg, Herre, og kom til din kvilestad,

du og paktkista, som er din styrke.

9 Prestane dine skal kle seg i rettferd,

dine trugne skal ropa av fryd.

10 For David, din tenar skuld,

vis ikkje frå deg den du har salva!


11  Herren har svore til David

eit påliteleg ord han ikkje går frå:

«Di livsfrukt vil eg setja på trona di.

12 Dersom sønene dine held mi pakt

og den lov eg vil læra dei,

så skal sønene deira òg

alltid sitja på di trone.»


13 For Herren har valt ut Sion,

henne vil han ha til bustad:

14 «Dette er min kvilestad for all tid,

her vil eg bu, for henne vil eg ha.

15 Maten hennar vil eg velsigna,

dei fattige vil eg metta med brød,

16 prestane hennar kler eg i frelse,

dei trugne skal ropa av fryd.

17 Der lèt eg eit horn veksa fram for David,

eg steller til ei lampe for den eg har salva.

18 Fienden vil eg kle i skam,

men på han skal krona stråla.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.