Gå til forsiden

Første Krønikebok

16

Lovsongen til levittane

1 Dei førte Guds paktkiste inn og sette henne i det teltet som David hadde reist for henne, og dei bar fram brennoffer og fredsoffer for Gud. 2 Då David var ferdig med å bera fram brennofferet og fredsofferet, velsigna han folket i Herrens namn. 3 Så delte han ut eit rundt brød, ei daddelkake og ei rosinkake til alle israelittane, til kvar mann og kvinne. 4 Han sette nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste, til å påkalla, takka og lovsyngja Herren, Israels Gud. 5 Asaf var den øvste av dei, etter han kom Sakarja, så Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je'iel, alle med harper og lyrer. Asaf skulle slå på symbalane, 6 og prestane Benaja og Jahasiel skulle ha som fast oppgåve å blåsa i trompetar framfor paktkista. 7 Den dagen sette David for første gong Asaf og brørne hans til å prisa Herren:


8 Pris Herren, kall på hans namn,

gjer gjerningane hans kjende blant folka!

9 Syng for han og spel for han,

syng om alle hans under!


10 Ver stolte over hans heilage namn!

Gled dykk i hjartet, de som søkjer Herren.

11 Spør etter Herren og hans makt,

søk alltid hans andlet!


12 Kom i hug det underfulle han har gjort,

teikna hans og lovene frå hans munn,

13 du ætt av Israel, hans tenar,

Jakobs søner, som han har valt ut.


14 Han er Herren vår Gud,

lovene hans gjeld over heile jorda.

15 Hugs hans pakt til evig tid,

ordet han gav, i tusen slektsledd,

16 pakta han gjorde med Abraham,

og eiden han svor til Isak.


17 Dette sette han opp som forskrift for Jakob,

som ei evig pakt for Israel.

18 Han sa: «Eg gjev deg landet Kanaan

til arv og eige.»


19 Der var de ein liten flokk,

få og framande.

20 Dei vandra frå folk til folk,

frå det eine riket til det andre.


21 Men han lét ingen få undertrykkja dei,

han refsa kongar for deira skuld:

22 «Rør ikkje dei som eg har salva,

gjer ikkje vondt mot mine profetar!»


23 Syng for Herren, all jorda!

Forkynn hans frelse frå dag til dag!

24 Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,

mellom alle folk om hans under!


25 For Herren er stor og verdig lov og pris,

verd å frykta meir enn alle gudar.

26 Alle gudane til folka er avgudar.

Det var Herren som skapte himmelen.

27 Høgd og herlegdom er framfor han,

makt og glans på hans heilage stad.


28 Gjev Herren ære, de folk og slekter,

gjev Herren ære og makt!

29 Gjev Herren den ære hans namn skal ha.

Kom fram for han med gåver!

Bøy dykk for Herren

i heilag prakt!

30 Skjelv for han, all jorda!


Verda står fast, ho kan ikkje rokkast.

31 Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla.

Dei skal forkynna mellom folka at Herren er konge.

32 Havet og alt som fyller det, skal brusa.

Marka skal jubla med alt ho ber.

33 Då ropar kvart tre i skogen av fryd

for Herrens andlet,

for han kjem for å dømma jorda.


34 Takk Herren, for han er god,

evig varer hans miskunn!

35 De skal seia: Frels oss, Gud, vår frelsar.

Sank oss inn og berg oss frå folka,

så vi kan prisa ditt heilage namn

og uredde lovsyngja deg.


36 Velsigna er Herren, Israels Gud,

frå æve til æve!


Og heile folket sa «amen» og prisa Herren.

Tenesta ved paktkista

37 David lét Asaf og songbrørne hans vera der framfor Herrens paktkiste. Dei skulle ha som fast oppgåve å gjera teneste framfor kista, som det var fastsett for kvar dag, 38 og like eins Obed-Edom og brørne hans, sekstiåtte i alt. Obed-Edom, son til Jedutun, og Hosa skulle vera dørvaktarar. 39 Men presten Sadok og prestebrørne hans lét han vera ved Herrens bustad på offerhøgda i Gibeon. 40 Dei skulle ha som fast oppgåve å bera fram brennoffer for Herren på brennofferaltaret, både morgon og kveld, og gjera alt det som står skrive i den lova som Herren hadde gjeve Israel. 41 Saman med dei skulle Heman og Jedutun og dei andre utvalde som er nemnde med namn, prisa Herren og seia: «Evig varer hans miskunn!» 42 Hos Heman og Jedutun var det trompetar og symbalar til å spela på og andre instrument til songen i gudstenesta. Jedutun-sønene var dørvaktarar.

43 Så gjekk heile folket heim att, kvar til sitt, og David vende heim for å velsigna sitt hus.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.