Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Krønikebok

17

Herrens lovnad til David

1 Ein dag David sat i huset sitt, sa han til profeten Natan: «Sjå, her bur eg i eit hus av sedertre, medan Herrens paktkiste står i eit telt.» 2 Natan svara David: «Gjer alt som ligg deg på hjartet, for Gud er med deg.»

3 Same natta kom Guds ord til Natan: 4 Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Du skal ikkje byggja det huset eg skal bu i. 5 Eg har då ikkje budd i hus heilt frå den tid eg førte israelittane hit opp, og til denne dag. Eg har vandra omkring frå telt til telt, frå bustad til bustad. 6 Eg vandra ikring med israelittane og dommarane over Israel, som eg sette til å vakta folket mitt. Sa eg nokon gong til ein av dei: «Kvifor har ikkje de bygd eit hus av sedertre for meg?» 7 No skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren over hærskarane: Eg henta deg frå beitemarka der du følgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt. 8 Eg var med deg kvar du gjekk, og utrydda alle fiendane dine for deg. Eg har gjort namnet ditt stort, som namnet til dei største på jorda. 9 Eg vil stella til ein bustad for Israel, folket mitt, og planta det der. Dei skal få bu der og aldri bli uroa meir. Ugjerningsmenn skal ikkje lenger plaga dei som i gamle dagar. 10 Slik har det vore frå den tid eg sette dommarar over Israel, folket mitt, og tvinga alle fiendane dine under deg. No kunngjer eg deg at Herren vil byggja eit hus for deg. 11 Det skal henda når dine dagar er til ende og du fer til fedrane dine, at eg reiser opp din etterkomar, ein av sønene dine, til å følgja etter deg. Eg vil grunnfesta kongedømet hans. 12 Han skal byggja eit hus for meg, og eg vil tryggja trona hans til evig tid. 13 Eg vil vera far for han, og han skal vera son for meg. Mi miskunn vil eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med han som var før deg. 14 Eg vil for alltid setja han over mitt hus og mitt rike, og kongsstolen hans skal stå støtt til evig tid.

15 Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.

David takkar Herren

16 Då gjekk kong David inn og sette seg for Herrens andlet. Han sa: Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mitt hus, sidan du har ført meg så langt? 17 Og endå var dette for lite i dine auge, Gud. Du har gjeve huset til tenaren din lovnader langt fram i tida. Og du har sett på meg som på ein mann av høg rang, Herre Gud. 18 Kva kan David leggja til den æra du har vist din tenar? Du kjenner då tenaren din. 19  Herre, for din tenar skuld og etter ditt eige hjarte har du gjort alt dette store og kunngjort så store ting. 20  Herre, det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt med våre eigne øyre. 21 Kven er som Israel, folket ditt? Det er det einaste folket på jorda som Gud kom til og fria ut for å gjera til sitt eige folk. Med store og skremmande gjerningar skapte du deg eit namn då du dreiv bort folkeslag for folket ditt, som du fria ut av Egypt. 22 Du sette Israel, folket ditt, til å vera ditt folk til evig tid. Og du, Herre, vart deira Gud.

23 Lat no, Herre, det ordet du har tala om tenaren din og huset hans, stå fast til evig tid, og gjer som du har sagt! 24 Ja, lat det stå fast! Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren over hærskarane, Israels Gud, er Gud for Israel! Og huset til David, tenaren din, skal stå urokka for ditt andlet. 25 For du, min Gud, har sagt til tenaren din at du vil byggja han eit hus. Difor har eg våga å be til deg. 26 Og no, Herre, du er Gud, og du har gjeve tenaren din denne store lovnaden. 27 Måtte du frå no av velsigna huset til tenaren din så det alltid må stå urokka for ditt andlet. For du, Herre, velsignar og er velsigna til evig tid.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.