Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Første Krønikebok

18

David sigrar i krig

1 Ei tid etter dette slo David filistrane og tvinga dei under seg. Han tok frå dei Gat og småbyane ikring. 2 David vann over moabittane òg. Dei vart slavar for han og laut betala skatt.

3 Like eins vann David over Hadadeser, kongen av Soba, ved Hamat, då han drog ut for å vinna herredøme ved Eufrat. 4 David tok frå han 1000 vogner, 7000 ryttarar og 20 000 fotfolk. Han skar over hasane på alle vognhestane, men hundre hestar sparte han. 5 Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen av Soba. Men David felte 22 000 av dei. 6 David sette vaktpostar over aramearane i Damaskus. Dei vart slavar for David og laut betala skatt til han. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram. 7 David tok gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem. 8 Frå Tibhat og Kun, to byar som høyrde til Hadadeser, tok David bronse i store mengder. Av den laga Salomo bronsehavet, søylene og bronsekara.

9 Då To'u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser, kongen i Soba, 10 sende han Hadoram, son sin, til kong David. Han skulle helsa han og ønskja han til lukke med sigeren over Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt ført krig mot To'u. Hadoram hadde med seg gåver av gull, sølv og bronse. 11 Alt dette helga kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka, frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistrane og amalekittane. 12 Det var Absjai, son til Seruja, som slo edomittane i Saltdalen, 18 000 mann. 13 Han sette vaktpostar i Edom, og alle edomittane vart slavar for David. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.

14 David rådde no over heile Israel. Han fremja rett og rettferd for heile folket sitt. 15 Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Ahilud, var kanslar. 16 Sadok, son til Ahitub, og Abimelek, son til Abjatar, var prestar og Sjavsja riksskrivar. 17 Benaja, son til Jojada, hadde ansvar for kretarane og pletarane, og sønene til David var dei fremste hos kongen.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.