Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Ætta til David
3Dette er dei sønene som David fekk i Hebron: Den førstefødde var Amnon, som han fekk med Ahinoam frå Jisreel. Den andre var Daniel, som han fekk med Abigajil frå Karmel.  2 Den tredje var Absalom, son til Maaka, som var dotter til Talmai, kongen i Gesjur. Den fjerde var Adonja, son til Haggit.  3 Den femte var Sjefatja, son til Abital, og den sjette var Jitream, son til Egla, kona til David.  4 Desse seks sønene fekk han i Hebron, der han styrte i sju år og seks månader. I trettitre år styrte han i Jerusalem.
   
 5 Dette er dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjima, Sjobab, Natan og Salomo – desse fire fekk han med Batseba, dotter til Ammiel –  6 Jibhar, Elisjua og Elifelet,  7 Nogah, Nefeg og Jafia,  8 Elisjama, Eljada og Elifelet, i alt ni.  9 Alle desse var sønene til David. Dessutan hadde han søner med følgjekonene sine. Og Tamar var syster deira.
   
10 Son til Salomo var Rehabeam, hans son Abia, hans son Asa og hans son Josjafat. 11 Hans son var Joram, hans son Ahasja og hans son Joasj. 12 Hans son var Amasja, hans son Asarja og hans son Jotam. 13 Hans son var Ahas, hans son Hiskia og hans son Manasse. 14 Hans son var Amon og hans son Josjia. 15 Sønene til Josjia var Johanan, den førstefødde, den andre var Jojakim, den tredje var Sidkia, og den fjerde var Sjallum. 16 Sønene til Jojakim var Jekonja og Sidkia.
   
17 Sønene til Jekonja, han som levde i fangenskap, var Sjealtiel, 18 Malkiram, Pedaja, Sjenassar, Jekamja, Hosjama og Nedabja. 19 Sønene til Pedaja var Serubabel og Sjimi. Og sønene til Serubabel var Mesjullam og Hananja – dei hadde ei syster som heitte Sjelomit – 20 dessutan Hasjuba, Ohel, Berekja, Hasadja og Jusjab-Hesed, fem i alt. 21 Etterkomarane av Hananja var Pelatja og Jesaja, dessutan etterkomarane av Refaja, Arnan, Obadja og Sjekanja. 22 Son til Sjekanja var Sjemaja, og sønene til Sjemaja var Hattusj, Jigal, Bariak, Nearja og Sjafat, seks i alt. 23 Sønene til Nearja var Eljoenai, Hiskia og Asrikam, tre i alt. 24 Sønene til Eljoenai var Hodavja, Eljasjib, Pelaja, Akkub, Johanan, Delaja og Anani, sju i alt.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

25. september 2022

Dagens bibelord

Matteus 11,16–19

Les i nettbibelen

16Men kva skal eg likna denne slekta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre: 17‘Vi spela på fløyte for dykk, men de ville ikkje dansa. Vi song klagesongar, men de ville ikkje sørgja.’ ... Vis hele teksten

16Men kva skal eg likna denne slekta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre: 17‘Vi spela på fløyte for dykk, men de ville ikkje dansa. Vi song klagesongar, men de ville ikkje sørgja.’ 18For Johannes kom; han verken åt eller drakk, og folk seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’ 19Menneskesonen kom; han et og drikk, og dei seier: ‘Sjå, for ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar!’ – Men Visdomen har fått rett, det stadfester gjerningane hennar.»