Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til korintarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Apostlane og tenesta
4Så skal de sjå på oss som Kristi tenarar og forvaltarar av Guds mysterium.  2 Og av forvaltarar krevst det at dei viser truskap.  3 Men for meg har det ingen ting å seia om eg blir dømd av dykk eller av nokon menneskeleg domstol. Ja, eg dømmer ikkje meg sjølv eingong,  4 for eg veit ikkje om at eg har gjort noko gale. Men eg er ikkje dermed frikjend, for Herren er den som dømmer meg.  5 Døm difor ikkje før tida, før Herren kjem. Han skal få fram i lyset det som er løynt i mørkret, og visa kva menneska ber i hjartet, og då skal kvar og ein få sin ros av Gud.
   
 6 Her har eg brukt meg sjølv og Apollos som døme for dykk, sysken. Av oss skal de læra å «ikkje gå ut over det som står skrive», så ingen blæs seg opp og held med den eine framfor den andre.  7 Kven har sett deg høgare enn andre? Kva anna har du enn det du har fått? Og har du fått noko, kvifor skryter du då, som om du ikkje hadde fått det i gåve?  8 Men de er alt mette! De har alt vorte rike, ja, de har vorte kongar, men utan oss! Ja, hadde de endå vorte kongar, så kunne vi styra saman med dykk!  9 Men for meg ser det ut til at Gud har gjeve oss apostlar den lågaste plassen. Vi er som dødsdømde, stilte fram som eit skodespel for verda, både for englar og for menneske. 10 Vi er dårar for Kristi skuld, de er dei kloke i Kristus. Vi er veike, de er sterke. De får ære, vi får skam. 11 Heilt fram til no har vi både svolte og tørsta, vi manglar klede, vi blir slegne, dreg heimlause omkring 12 og strevar for å livberga oss med våre eigne hender. Når vi blir utskjelte, velsignar vi. Når vi blir forfølgde, held vi ut. 13 Når nokon spottar oss, svarar vi venleg. Vi har vorte som utskot i verda, som avskum for alle – til denne dag.
   
14 Eg skriv ikkje dette for å gjera dykk skamfulle, men fordi de er mine kjære born, vil eg visa dykk til rette. 15 For om de har tusen lærarar i Kristus, har de ikkje mange fedrar. Og det var eg som vart far dykkar i Kristus Jesus då eg gav dykk evangeliet. 16 Så legg eg dykk dette på hjartet: De må likna meg! 17 Difor sender eg Timoteus til dykk, mitt kjære og trufaste barn i Herren. Han skal minna dykk på mine vegar i Kristus Jesus, slik eg lærer overalt i alle forsamlingar. 18 Nokre hos dykk har blåse seg opp fordi dei trur at eg ikkje kjem til dykk igjen. 19 Men eg kjem snart, om Herren vil, og då får eg verkeleg kjenna, ikkje orda, men krafta til desse oppblåsne folka. 20 For Guds rike er ikkje ord, men kraft. 21 Kva vil de? Skal eg koma til dykk med pisken eller med kjærleik og ei mild ånd?
< Forrige kapittelNeste kapittel >

27. september 2022

Dagens bibelord

Hebrearane 1,10–14

Les i nettbibelen

10Og vidare: Du, Herre, grunnla i opphavet jorda, og himmelen er eit verk av dine hender. 11Dei skal gå til grunne, men du blir verande. Dei skal alle eldast som klede. ... Vis hele teksten

10Og vidare: Du, Herre, grunnla i opphavet jorda, og himmelen er eit verk av dine hender. 11Dei skal gå til grunne, men du blir verande. Dei skal alle eldast som klede. 12Du rullar dei saman som ei kappe, dei blir utskifte som klede. Men du er den same, åra dine tek aldri slutt. 13Men har han nokon gong sagt til ein av englane: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar som skammel for dine føter? 14Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og blir utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa i arv?