Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Kristen fridom og omsynet til dei veike 8Når det gjeld kjøt som har vore ofra til avgudane, er det nok så at vi alle har kunnskap. Men kunnskapen gjer hovmodig; det er kjærleiken som byggjer opp. 2 Om nokon meiner at han har kunnskap om noko, så kjenner han det enno ikkje slik som han burde kjenna det. 3 Men den som elskar Gud, er kjend av han. 4 Når det gjeld det å eta slike avgudsoffer, veit vi at det ikkje finst nokon avgud i verda, og at det ikkje finst nokon Gud utan éin. 5 Rett nok finst det såkalla gudar, både i himmelen og på jorda, ja, det er mange gudar og mange herrar. 6 Men for oss er det éin Gud, vår Far. Alt vart til av han, og til han er vi skapte. Og det er éin Herre, Jesus Kristus. Alt er til ved han, og ved han lever vi. 7 Men det er ikkje alle som har denne kunnskapen. Somme et framleis dette kjøtet som avgudsoffer fordi dei har vore vane med å dyrka avgudane. Så blir samvitet deira ureint fordi det er så veikt. 8 Men mat fører oss ikkje nærare Gud. Vi vinn ikkje noko om vi et, og taper ikkje noko om vi ikkje et. 9 Men sjå til at den fridomen de har, ikkje fører dei veike til fall! 10 For dersom nokon ser at du som har kunnskap om dette, ligg til bords i eit avgudshus, blir ikkje då samvitet til den veike liksom oppbygd, så han et offerkjøt? 11 Då går den veike fortapt på grunn av din kunnskap, ein bror som Kristus døydde for. 12 Men når de på denne måten syndar mot syskena dykkar og sårar det veike samvitet deira, då syndar de mot Kristus sjølv. 13 Difor: Dersom mat fører bror min eller syster mi til fall, då vil eg aldri i æva eta kjøt! For eg vil ikkje føra dei til fall. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
07. juni 2023
15Herren sa til Moses: «Hvorfor roper du til meg? Si til israelittene at de skal dra videre! 16Du skal løfte staven din og rekke hånden ut over havet og kløve det, så israelittene kan gå tørrskodd tvers igjennom havet. ... Vis hele teksten
15Herren sa til Moses: «Hvorfor roper du til meg? Si til israelittene at de skal dra videre! 16Du skal løfte staven din og rekke hånden ut over havet og kløve det, så israelittene kan gå tørrskodd tvers igjennom havet. 17Se, jeg gjør egypterne harde, så de setter etter dem. Jeg skal vise min herlighet på farao og hele hans hær, på vognene og rytterne hans. 18Egypterne skal kjenne at jeg er Herren når jeg viser min herlighet på farao og vognene og rytterne hans.» 19Guds engel, som hadde gått foran Israels leir, byttet nå plass og gikk etter folket. Skysøylen som var foran dem, flyttet seg og stilte seg bak dem, 20så den kom mellom egypternes leir og israelittenes leir. Og skyen kom med mørke, men den lyste likevel opp natten, så de ikke kom inn på hverandre hele natten. 21Da rakte Moses hånden ut over havet, og Herren drev havet bort med en sterk østavind som blåste hele natten, så havet ble til tørt land. Vannet ble kløvd, 22og israelittene gikk tørrskodd tvers igjennom havet. Vannet sto som en mur til høyre og venstre for dem.
15Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! 16Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrskodde tvers igjennom havet. ... Vis hele teksten
15Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! 16Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrskodde tvers igjennom havet. 17Sjå, eg gjer hjartet til egyptarane ubøyeleg, så dei set etter dei. Eg skal visa min herlegdom på farao og heile hans hær, på vognene og ryttarane hans. 18Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg viser min herlegdom på farao og vognene og ryttarane hans.» 19Guds engel, som hadde gått føre Israels leir, bytte no plass og gjekk etter folket. Skysøyla som var framfor dei, flytte seg og stilte seg bak dei, 20så ho kom mellom leiren til egyptarane og leiren til israelittane. Og skya kom med mørker, men lyste likevel opp natta, så dei ikkje kom innpå kvarandre heile natta. 21Då rette Moses handa ut over havet, og Herren dreiv havet bort med ein sterk austavind, som bles heile natta, så havet vart til tørt land. Vatnet vart kløyvd, 22og israelittane gjekk tørrskodde tvers igjennom havet. Vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei.
15Hearrá celkkii Mosesii: “Manne don čuorvvut munnje? Gohčo israellaččaid vuolgit johtui. 16Bajit iežat soappi, geige gieđa meara badjel ja ludde dan, vai israellaččat besset mannat meara rastá goikása mielde. ... Vis hele teksten
15Hearrá celkkii Mosesii: “Manne don čuorvvut munnje? Gohčo israellaččaid vuolgit johtui. 16Bajit iežat soappi, geige gieđa meara badjel ja ludde dan, vai israellaččat besset mannat meara rastá goikása mielde. 17Mun buoššudan egyptalaččaid váimmu, nu ahte sii vulget doarridit din. Mun čájehan iežan fámu go duššadan farao ja oppa su soahteveaga, buot su soahtevovnnaid ja vovdnaolbmáid. 18Egyptalaččat ipmirdit ahte mun lean Hearrá, go mun čájehan iežan fámu go duššadan farao, su soahtevovnnaid ja vovdnaolbmáid.” 19Ipmila eŋgel gii lei mannan israellaččaid ovddabealde, sirddii ja manai sin maŋis. Balvabázzi sirddii sin ovddabealde ja manai sin maŋis, 20nu ahte dat bođii egyptalaččaid veaga ja israellaččaid veaga gaskii. Balvva mielde šattai seavdnjat, muhto israellaččaide dat čuvgii ija, nu ahte geažos ijas veagat eai lahkanan nubbi nubbái. 21De Moses bajidii gieđa meara badjel, ja Hearrá ájii meara eret garra nuortabiekkain mii bosui geažos ija, ja mearra šattai goikeeanamin. Čáhči juohkásii guovtti beallái, 22ja israellaččat rasttildedje meara goikása mielde, ja čáhci lei seaidnin goappašiid bealde.