Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til korintarane

Kapittel 8
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel

Kristen fridom og omsynet til dei veike
8Når det gjeld kjøt som har vore ofra til avgudane, er det nok så at vi alle har kunnskap. Men kunnskapen gjer hovmodig; det er kjærleiken som byggjer opp.  2 Om nokon meiner at han har kunnskap om noko, så kjenner han det enno ikkje slik som han burde kjenna det.  3 Men den som elskar Gud, er kjend av han.  4 Når det gjeld det å eta slike avgudsoffer, veit vi at det ikkje finst nokon avgud i verda, og at det ikkje finst nokon Gud utan éin.  5 Rett nok finst det såkalla gudar, både i himmelen og på jorda, ja, det er mange gudar og mange herrar.
          
   
 6 Men for oss er det éin Gud, vår Far.
          Alt vart til av han, og til han er vi skapte.
          Og det er éin Herre, Jesus Kristus.
          Alt er til ved han, og ved han lever vi.
 7 Men det er ikkje alle som har denne kunnskapen. Somme et framleis dette kjøtet som avgudsoffer fordi dei har vore vane med å dyrka avgudane. Så blir samvitet deira ureint fordi det er så veikt.  8 Men mat fører oss ikkje nærare Gud. Vi vinn ikkje noko om vi et, og taper ikkje noko om vi ikkje et.  9 Men sjå til at den fridomen de har, ikkje fører dei veike til fall! 10 For dersom nokon ser at du som har kunnskap om dette, ligg til bords i eit avgudshus, blir ikkje då samvitet til den veike liksom oppbygd, så han et offerkjøt? 11 Då går den veike fortapt på grunn av din kunnskap, ein bror som Kristus døydde for. 12 Men når de på denne måten syndar mot syskena dykkar og sårar det veike samvitet deira, då syndar de mot Kristus sjølv. 13 Difor: Dersom mat fører bror min eller syster mi til fall, då vil eg aldri i æva eta kjøt! For eg vil ikkje føra dei til fall.
1 Kor 8,4 viser til 5 Mos 6,4, 1 Kor 10,19
Note : avgudsoffer: Kjøt som kunne kjøpast på torget, kom ofte frå dyr som hadde vore ofra i heidenske tempel.
1 Kor 8,7 viser til Rom 14,1ff, 1 Kor 10,27ff
Note : fordi … dyrka avgudane: Mange handskrifter har «fordi dei i samvitet sitt framleis reknar med avgudane».
Note : ligg til bords: Ved festmåltid låg dei mannlege gjestene til bords på låge benker med teppe på. =bordskikkar.
Forrige kapittelNeste kapittel

25. februar 2021

Dagens Bibelord

Matteus 15,21–28

Les i nettbibelen

21Så dro Jesus derfra og tok veien til områdene omkring Tyros og Sidon. 22En kanaaneisk kvinne fra disse traktene kom og ropte: «Herre, du Davids sønn, ha barmhjertighet med meg! Datteren min blir hardt plaget av en ond ånd.» ... Vis hele teksten

21Så dro Jesus derfra og tok veien til områdene omkring Tyros og Sidon. 22En kanaaneisk kvinne fra disse traktene kom og ropte: «Herre, du Davids sønn, ha barmhjertighet med meg! Datteren min blir hardt plaget av en ond ånd.» 23Men han svarte henne ikke et ord. Disiplene kom da og ba ham: «Bli ferdig med henne, hun roper etter oss.» 24Men han svarte: «Jeg er ikke sendt til andre enn de bortkomne sauene i Israels hus.» 25Da kom hun og kastet seg ned for ham og sa: «Herre, hjelp meg!» 26Han svarte: «Det er ikke rett å ta brødet fra barna og gi det til hundene.» 27«Det er sant, Herre», sa kvinnen, «men hundene spiser jo smulene som faller fra bordet hos eierne deres.» 28Da sa Jesus til henne: «Kvinne, din tro er stor. Det skal bli som du vil.» Og datteren ble frisk fra samme stund.