Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Johannes’ første brev

1 2 3 4 5
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >
2Mine born, dette skriv eg til dykk så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hos Far. Det er Jesus Kristus, Den rettferdige.  2 Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.
Det nye bodet
 3 Og på dette veit vi at vi kjenner han: at vi held boda hans.  4 Den som seier: «Eg kjenner han», men ikkje held boda hans, er ein løgnar, og sanninga er ikkje i han.  5 Men Guds kjærleik har i sanning vorte fullenda i den som held ordet hans. Av dette veit vi at vi er i han.  6 Den som seier: «Eg er i han», må leva som Jesus levde.
   
 7 Mine kjære, eg skriv ikkje eit nytt bod til dykk, men eit gammalt bod som de har hatt frå første stund. Dette gamle bodet er det ordet de har høyrt.  8 Likevel er det eit nytt bod eg skriv til dykk, eit bod som er sant i han og i dykk. For mørkret vik bort, og det sanne lyset skin alt no.  9 Den som seier at han er i lyset, men hatar bror sin, er enno i mørkret. 10 Den som elskar bror sin, blir verande i lyset og fører ingen til fall. 11 Men den som hatar bror sin, er i mørkret og vandrar i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda auga hans.
Elsk ikkje verda
    12 Eg skriv til dykk, born,
          fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld.
          
   
13 Eg skriv til dykk, fedrar,
          fordi de kjenner han som er frå opphavet.
          Eg skriv til dykk, de unge,
          fordi de har vunne over den vonde.
          
   
14 Ja, eg har skrive til dykk, born,
          fordi de kjenner Far.
          Eg har skrive til dykk, fedrar,
          fordi de kjenner han som er frå opphavet.
          Eg har skrive til dykk, de unge,
          fordi de er sterke.
          Guds ord blir verande i dykk,
          og de har vunne over den vonde.
15 Elsk ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Far i seg. 16 For alt her i verda – lysta i kroppen, lysta som styrer auga, og skrytet av det ein eig – det er ikkje av Far, men av verda. 17 Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, blir verande til evig tid.
Fornekting og vedkjenning
18 Mine born, dette er den siste tida. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at no er den siste tida. 19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hos oss. Slik skulle det visa seg at ikkje alle er av oss. 20 Men de er alle salva av Den heilage og kjenner sanninga. 21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga løgn kjem frå sanninga. 22 Og kven er løgnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Antikrist er den som fornektar Faderen og Sonen. 23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje fellesskap med Faderen. Den som vedkjenner Sonen, har òg fellesskap med Faderen. 24 Lat det då bli verande i dykk, det de har høyrt frå først av. For dersom det blir verande i dykk, det de har høyrt frå først av, blir de òg verande i Sonen og i Faderen. 25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet.
   
26 Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vill. 27 Men den salven de har fått av han, blir verande i dykk, og de treng ikkje at nokon lærer dykk. For hans salve lærer dykk alt, og den er sann og utan løgn. Bli difor verande i han, slik de har lært.
Når Kristus openberrar seg
28 Ja, born, bli verande i han! Då kan vi vera frimodige når Kristus openberrar seg, og ikkje bli bortviste med skam når han kjem att. 29 Når de veit at han er rettferdig, skjønar de at den som gjer det som er rett, er fødd av han.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

04. oktober 2022

Dagens bibelord

Matteus 6,25–29

Les i nettbibelen

25Derfor sier jeg dere: Vær ikke bekymret for livet, hva dere skal spise, eller hva dere skal drikke, heller ikke for kroppen, hva dere skal kle dere med. Er ikke livet mer enn maten og kroppen mer enn klærne? ... Vis hele teksten

25Derfor sier jeg dere: Vær ikke bekymret for livet, hva dere skal spise, eller hva dere skal drikke, heller ikke for kroppen, hva dere skal kle dere med. Er ikke livet mer enn maten og kroppen mer enn klærne? 26Se på fuglene under himmelen! De sår ikke, de høster ikke og samler ikke i hus, men den Far dere har i himmelen, gir dem føde likevel. Er ikke dere mer verdt enn de? 27Hvem av dere kan vel med all sin bekymring legge en eneste alen til sin livslengde? 28Og hvorfor er dere bekymret for klærne? Se på liljene på marken, hvordan de vokser! De strever ikke og spinner ikke, 29men jeg sier dere: Selv ikke Salomo i all sin prakt var kledd som en av dem.