Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Johannes’ første brev

1 2 3 4 5
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Prøv åndene
4Mine kjære, tru ikkje kva ånd som helst! Prøv om åndene er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda.  2 På dette kjenner de Guds Ånd: Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud.  3 Men kvar ånd som ikkje vedkjenner Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og den ånda er alt no i verda.
   
 4 Men de, mine born, er av Gud og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda.  5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei.  6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Slik kan vi skilja sannings ånd frå villfarings ånd.
Gud er kjærleik
     7 Mine kjære, lat oss elska kvarandre,
          for kjærleiken er frå Gud,
          og kvar den som elskar, er fødd av Gud
          og kjenner Gud.
          
   
 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud,
          for Gud er kjærleik.
          
   
 9 I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,
          at han sende sin einborne Son til verda
          så vi skulle ha liv ved han.
          
   
10 Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud,
          men at han har elska oss
          og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.
11 Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, blir Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
   
13 At vi blir i han og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vi vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Om nokon vedkjenner at Jesus er Guds Son, blir Gud verande i han og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trudd på den. Gud er kjærleik, og den som blir verande i kjærleiken, blir verande i Gud og Gud i han.
   
17 I dette har kjærleiken vorte fullenda hos oss, at vi har frimod på dommens dag. For som Kristus er, slik er vi i denne verda. 18 Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. For frykta ber straffa i seg, og den som fryktar, har ikkje vorte fullenda i kjærleiken. 19 Vi elskar fordi han elska oss først. 20 Den som seier: «Eg elskar Gud», men likevel hatar bror sin, er ein løgnar. For den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må òg elska bror sin.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

01. desember 2022

Dagens bibelord

1. Peter 1,3–5

Les i nettbibelen

3Lovet være Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i sin rike miskunn har født oss på ny til et levende håp ved Jesu Kristi oppstandelse fra de døde, 4til en arv som aldri forgår, aldri skitnes til og aldri visner. Den er gjemt i himmelen for dere, ... Vis hele teksten

3Lovet være Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i sin rike miskunn har født oss på ny til et levende håp ved Jesu Kristi oppstandelse fra de døde, 4til en arv som aldri forgår, aldri skitnes til og aldri visner. Den er gjemt i himmelen for dere, 5dere som i Guds kraft blir bevart ved tro så dere når fram til frelsen. Den ligger alt ferdig til å bli åpenbart ved tidens ende.

Dagens bibelord

1. Peter 1,3–5

Les i nettbibelen

3Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! ... Vis hele teksten

3Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! 4Han har fødd oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. Denne arven er gøymd i himmelen for dykk, 5de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.

Dagens bibelord

1. Peter 1,3–5

Les i nettbibelen

3Máidnojuvvon lehkos Hearrámet Jesus Kristusa Ipmil ja Áhčči! Stuorra váibmoláđisvuođastis son lea riegádahttán min ođđasis ealli doivui Jesus Kristusa bajásčuožžileami bokte jábmiid luhtte, ... Vis hele teksten

3Máidnojuvvon lehkos Hearrámet Jesus Kristusa Ipmil ja Áhčči! Stuorra váibmoláđisvuođastis son lea riegádahttán min ođđasis ealli doivui Jesus Kristusa bajásčuožžileami bokte jábmiid luhtte, 4nohkameahttun, duolvatmeahttun ja goldnameahttun árbái mii lea vurkejuvvon albmái din várás. 5Dasgo Ipmila fápmu várjala din oskku bokte dan bestojupmái mii lea gárvvis almmustuvvat maŋimuš áiggi.