Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Johannes’ første brev

1 2 3 4 5
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Prøv åndene
4Mine kjære, tru ikkje kva ånd som helst! Prøv om åndene er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda.  2 På dette kjenner de Guds Ånd: Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud.  3 Men kvar ånd som ikkje vedkjenner Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og den ånda er alt no i verda.
   
 4 Men de, mine born, er av Gud og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda.  5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei.  6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Slik kan vi skilja sannings ånd frå villfarings ånd.
Gud er kjærleik
     7 Mine kjære, lat oss elska kvarandre,
          for kjærleiken er frå Gud,
          og kvar den som elskar, er fødd av Gud
          og kjenner Gud.
          
   
 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud,
          for Gud er kjærleik.
          
   
 9 I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,
          at han sende sin einborne Son til verda
          så vi skulle ha liv ved han.
          
   
10 Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud,
          men at han har elska oss
          og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.
11 Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, blir Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
   
13 At vi blir i han og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vi vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Om nokon vedkjenner at Jesus er Guds Son, blir Gud verande i han og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trudd på den. Gud er kjærleik, og den som blir verande i kjærleiken, blir verande i Gud og Gud i han.
   
17 I dette har kjærleiken vorte fullenda hos oss, at vi har frimod på dommens dag. For som Kristus er, slik er vi i denne verda. 18 Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. For frykta ber straffa i seg, og den som fryktar, har ikkje vorte fullenda i kjærleiken. 19 Vi elskar fordi han elska oss først. 20 Den som seier: «Eg elskar Gud», men likevel hatar bror sin, er ein løgnar. For den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må òg elska bror sin.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

16. august 2022

Dagens bibelord

Romarane 9,1–5

Les i nettbibelen

1Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande. 2Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet. ... Vis hele teksten

1Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande. 2Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet. 3For eg skulle ønskja at eg sjølv var forbanna og skild frå Kristus, berre det kunne hjelpa mine sysken som er av same folket som eg. 4Dei er israelittar; dei har retten til å vera Guds born, og herlegdomen, paktene, lova, tempeltenesta og lovnadene er deira. 5Dei har fedrane, og frå dei stammar òg Kristus, han som er Gud over alt, velsigna i all æve. Amen.