Gå til forsiden

Paulus' fyrste brev til tessalonikarane

3 1 Då vi ikkje kunne halda dette ut lenger, sette vi oss føre å vera åleine att i Aten, 2 og vi sende Timoteus til dykk, vår bror og Guds medarbeidar i tenesta for Kristi evangelium. Han skulle styrkja dykk i trua og setja mot i dykk, 3 så ingen skulle vera ustø i desse trengslene. De veit då sjølve at det er oss pålagt. 4 Då vi var hjå dykk, sa vi dykk føreåt at vi kom til å få trengsler. Såleis gjekk det òg, som de veit. 5 Og då eg ikkje heldt det ut lenger, sende eg han av stad. Eg måtte vita korleis det stod til med trua dykkar, om freistaren hadde greitt å freista dykk, så arbeidet vårt var nyttelaust. 6 Men no er Timoteus nett attkomen frå dykk med ein god bodskap om dykkar tru og kjærleik. Han fortel at de alltid har oss i venleg minne og lengtar etter å sjå oss att, liksom vi lengtar etter dykk. 7 Så vart vi då, brør, trøysta ved dykkar tru i all vår naud og trengsle. 8 Og no lever vi, for de står faste i Herren. 9 Korleis kan vi så takka Gud for dykk som vi burde, takka for all den gleda som fyller oss for Guds åsyn, og som de har gjeve oss? 10 Natt og dag bed vi inderleg om å få sjå dykk att, og bøta på det som enno vantar i dykkar tru. 11 Måtte Gud, vår Far, og Jesus, vår Herre, styra vår veg til dykk! 12 Og måtte Herren gje dykk meir og meir kjærleik til kvarandre og til alle, som vi òg har kjærleik til dykk! 13 Så skal han styrkja hjarto dykkar, og de skal stå ulastande og heilage for Gud, vår Far, når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage.
Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.