Gå til forsiden

Paulus' første brev til Timoteus

1

Helsing

1 Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von, 2 helsar Timoteus, mitt ektefødde barn i trua: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!

Åtvaring mot vranglærarar

3 Då eg drog til Makedonia, bad eg deg vera att i Efesos. Du skulle forby einskilde der å fara med ei anna lære 4 eller vera opptekne av mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelseplan, der det dreiar seg om tru. 5 Målet for dette oppdraget er kjærleik av eit reint hjarte, av eit godt samvit og av ei oppriktig tru. 6 Nokre har forvilla seg bort frå dette og har hamna i tomme ord. 7 Dei vil vera lovlærarar, men skjønar korkje det dei sjølve seier eller det dei talar så sjølvsikkert om.

8 Men vi veit at lova er god om vi bruker henne slik ho skal brukast, 9 og forstår at ho ikkje er gjeven for rettferdige, men for lovbrytarar og ulydige, ugudelege og syndarar, gudsfornektarar og vanheilage, og for dei som slår far sin eller mor si, for mordarar, 10 dei som driv hor, menn som ligg med menn, dei som driv med menneskehandel, løgnarar og dei som sver falsk eid, og kva som elles måtte strida mot den sunne læra. 11 Dette er i samsvar med evangeliet om herlegdomen hos Gud, den sæle, det evangeliet som er tiltrudd meg.

Den største syndaren

12 Eg takkar han som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, fordi han synte meg tillit og sette meg til tenesta, 13 eg som før spotta, forfølgde og fór fram med vald. Men eg fekk miskunn, for i mi vantru visste eg ikkje kva eg gjorde. 14 Og vår Herres nåde har vore overstrøymande rik og gjeve meg tru og kjærleik i Kristus Jesus. 15 Det er eit truverdig ord og vel verdt å ta imot, at Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og av dei er eg den største. 16 Men når eg fekk miskunn, var det for at eg skulle vera den første som Kristus Jesus kunne visa alt sitt tolmod, så eg vart eit førebilete for dei som sidan skulle koma til tru på han og få evig liv. 17 Han som er konge frå æve til æve, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, han vere pris og ære i all æve! Amen.

Oppdraget til Timoteus

18 Timoteus, mitt barn, slik er oppdraget eg no overgjev til deg, i samsvar med dei profetord som før er tala til deg. Ved dei skal du strida den gode striden, 19 i tru og med eit godt samvit. Samvitet har nokre kasta frå seg, og trua deira har forlist. 20 Mellom dei er Hymeneos og Aleksander, som eg har overgjeve til Satan, for at dei skal bli viste til rette så dei ikkje spottar.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.