Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til Timoteus

1 2 3 4 5 6
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >
3Dette er eit truverdig ord.
Leiarane i forsamlinga
Om nokon gjerne vil ha ei tilsynsteneste, er det ei verdfull oppgåve han ønskjer seg.  2 Difor må ein tilsynsmann ikkje kunna skuldast for noko. Han må vera mann til éi kvinne, edrueleg, forstandig, høfleg, gjestfri, god til å undervisa,  3 ikkje drikkfeldig eller hardhendt, men mild, ikkje stridslysten eller glad i pengar.  4 Han skal styra sitt eige hus godt, så borna hans alltid viser lydnad og respekt.  5 For greier han ikkje styra sitt eige hus, korleis kan han då ha omsorg for Guds forsamling?  6 Han må ikkje vera nyomvend, for då kunne han bli hovmodig og falla under same dommen som djevelen.  7 Han må òg ha godt ord på seg mellom dei som står utanfor, så han ikkje blir spotta og går i djevelens snare.
   
 8 På same måten skal diakonane vera respekterte, ikkje tala med to tunger, ikkje drikka for mykje vin og ikkje vera ute etter skammeleg vinning.  9 Dei skal eiga mysteriet i trua i eit reint samvit. 10 Men dei òg skal prøvast først, og dersom det ikkje er noko å seia på dei, kan dei setjast til tenesta. 11 På same måten skal kvinnene vera ærbare, ikkje fara med sladder, men vera edruelege og pålitelege i alt. 12 Ein diakon skal vera mann til éi kvinne, og han skal styra både born og hus på ein god måte. 13 For dei som gjer tenesta si på ein god måte, vinn seg ei akta stilling og får stort frimod i trua på Kristus Jesus.
   
14 Dette skriv eg til deg endå eg håpar å koma til deg om ikkje så lenge. 15 Men skulle det dryga, vil eg du skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er den levande Guds forsamling, søyle og grunnvoll for sanninga.
   
16 Og samstemt vedkjenner vi at mysteriet i vår gudstru er stort.
          Han vart openberra i kjøt og blod,
          rettferdiggjord i Anden,
          sedd av englar,
          forkynt mellom folkeslag,
          trudd i verda,
          oppteken i herlegdom.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

19. august 2022

Dagens bibelord

Matteus 23,37–39

Les i nettbibelen

37Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. 38Så høyr: Huset dykkar skal bli audt og forlate! ... Vis hele teksten

37Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. 38Så høyr: Huset dykkar skal bli audt og forlate! 39For eg seier dykk: De får aldri sjå meg att før de seier: ‘ Velsigna er han som kjem i Herrens namn!’»