Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Vranglære i dei siste tider 4Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vill, og til lære som kjem frå demonar 2 og blir boren fram av hyklarar og løgnarar som har fått samvitet avsvidd. 3 Dei forbyd folk å gifta seg og krev at ein skal halda seg frå visse slag mat, den som Gud har skapt til å bli motteken med takk av dei som trur og kjenner sanninga. 4 For alt det Gud har skapt, er godt, og ikkje noko skal forkastast når det blir motteke med takk, 5 for det blir helga med Guds ord og bøn. Ansvaret for forsamlinga 6 Når du lærer syskena dette, er du ein god Kristi Jesu tenar. Då nærer du deg av det ordet som skaper tru og av den gode læra som du har følgt. 7 Men vis frå deg dei ugudelege mytane, som berre er tomt snakk. Øv deg heller i gudsfrykt. 8 For kroppsleg øving er nyttig til noko, men gudsfrykta er nyttig til alt. Ho ber i seg lovnad både for dette livet og for det som kjem. 9 Det er eit truverdig ord, vel verdt å ta imot. 10 Difor er det vi strevar og kjempar. For vi har sett vårt håp til den levande Gud, han som er frelsar for alle menneske, men først og fremst for dei som trur. 11 Dette skal du gje påbod om når du underviser. 12 Lat ingen sjå ned på deg fordi du er ung, men ver eit førebilete for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik. 13 Ta deg særskilt av skriftlesinga, formaninga og opplæringa, heilt til eg kjem. 14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg. 15 Legg vinn på alt dette, lev i det, så alle kan sjå at du gjer framsteg. 16 Gjev akt på deg sjølv og på læra! Hald fram med det! For gjer du det, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
31. mai 2023
1I det året da kong Ussia døde, så jeg Herren sitte på en høy og opphøyd trone, og kanten på kappen hans fylte tempelet. 2Serafer sto overfor ham. Hver av dem hadde seks vinger. Med to dekket de ansiktet, med to dekket de føttene, og med to fløy de. ... Vis hele teksten
1I det året da kong Ussia døde, så jeg Herren sitte på en høy og opphøyd trone, og kanten på kappen hans fylte tempelet. 2Serafer sto overfor ham. Hver av dem hadde seks vinger. Med to dekket de ansiktet, med to dekket de føttene, og med to fløy de. 3De ropte til hverandre: «Hellig, hellig, hellig er Herren Sebaot. Hele jorden er full av hans herlighet.» 4Røsten som ropte, fikk boltene i dørtersklene til å riste, og huset ble fylt av røyk. 5Da sa jeg: «Ve meg! Det er ute med meg. For jeg er en mann med urene lepper, og jeg bor i et folk med urene lepper, og mine øyne har sett kongen, Herren over hærskarene.» 6Da fløy en av serafene bort til meg. I hånden hadde han en glo som han hadde tatt med en tang fra alteret. 7Med den rørte han ved munnen min og sa: «Se, denne har rørt ved leppene dine. Din skyld er tatt bort, og din synd er sonet.» 8Da hørte jeg Herrens røst. Han sa: «Hvem skal jeg sende, og hvem vil gå for oss?»Jeg sa: «Jeg! Send meg!»
1I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ei høg og opphøgd trone, og kanten på kappa hans fylte tempelet. 2Serafar stod andsynes han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to dekte dei andletet, med to dekte dei føtene, og med to flaug dei. ... Vis hele teksten
1I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ei høg og opphøgd trone, og kanten på kappa hans fylte tempelet. 2Serafar stod andsynes han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to dekte dei andletet, med to dekte dei føtene, og med to flaug dei. 3Dei ropa til kvarandre: «Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. Heile jorda er full av hans herlegdom.» 4Røysta som ropa, fekk boltane i dørtersklane til å rista, og huset vart fylt av røyk. 5Då sa eg: «Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine lepper, og eg bur i eit folk med ureine lepper, og auga mine har sett kongen, Herren over hærskarane.» 6Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo som han hadde teke med ei tong frå altaret. 7Med den rørte han ved munnen min og sa: «Sjå, denne har rørt ved leppene dine. Di skuld er borte, og di synd er sona.» 8Då høyrde eg Herrens røyst. Han sa: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?»Eg sa: «Eg! Send meg!»
1Gonagas Ussia jápminjagi mun oidnen Hearrá: Son čohkkái alla ja aliduvvon truvnnus, ja su oalgebiktasa healmmit devde tempela. 2Su bajábealde čužžo serafat, guhtta soaji guđesge. Guvttiin sii gokče ámadaju, guvttiin sii gokče julggiid, ja guvttiin sii girde. ... Vis hele teksten
1Gonagas Ussia jápminjagi mun oidnen Hearrá: Son čohkkái alla ja aliduvvon truvnnus, ja su oalgebiktasa healmmit devde tempela. 2Su bajábealde čužžo serafat, guhtta soaji guđesge. Guvttiin sii gokče ámadaju, guvttiin sii gokče julggiid, ja guvttiin sii girde. 3Sii čurvo guhtet guimmiidasaset: “Bassi, bassi, bassi lea Hearrá Sebaot, Oppa eatnama dievva lea su hearvásvuohta.” 4Čuorvvas bijai uvssa lasáid doarggistit, ja tempela devddii suovva. 5Mun celken: “Vuoi mu, mun duššan! Mus leat buhtismeahttun baksamat, ja mun ásan álbmoga gaskkas mas leat buhtismeahttun baksamat, ja dál mu čalmmit leat oaidnán Gonagasa, Hearrá, Almmiveagaid Ipmila.” 6Dalle okta serafain girddii mu lusa, ja su gieđas lei buolli čađđa maid son lei váldán áltáris basttaiguin. 7Dainna son guoskkahii mu njálmmi ja celkkii: “Go dát guoská du baksamiidda, de du suddovealgi váldojuvvo eret, ja du suddu soabahuvvo.” 8Ja mun gullen Hearrá jiena. Son celkkii: “Gean mun vuolggahan, gii vuolgá min áirrasin?” Mun vástidin: “Dás mun lean, vuolggat mu!”