Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Kong Josjafat av Juda
17Etter Asa vart Josjafat, son hans, konge. Han styrkte stillinga mot Israel.  2 Han la troppar i alle festningsbyane i Juda, og han sette vaktpostar rundt om i Juda og i dei byane som Asa, far hans, hadde teke i Efraim.  3 Herren var med Josjafat, for han følgde dei vegane som David, stamfar hans, før hadde følgt. Han søkte ikkje Baal-gudane,  4 men Gud til far sin. Han heldt boda hans og levde ikkje slik som dei gjorde i Israel.  5 Difor tryggja Herren kongsmakta i hans hand, og heile Juda kom med gåver til Josjafat, så han fekk stor rikdom og ære.  6 Med frimodig hjarte følgde han Herrens vegar, og han fjerna òg offerhaugane og Asjera-pålane frå Juda.
   
 7 I det tredje styringsåret sitt sende Josjafat nokre av stormennene sine ut for å undervisa folket i Juda-byane. Det var Ben-Hajil, Obadja, Sakarja, Netanel og Mikaja.  8 Saman med dei sende han levittane Sjemaja, Netanja, Sebadja, Asael, Sjemiramot, Jonatan, Adonja, Tobia og Tob-Adonja, levittar alle saman, dessutan prestane Elisjama og Joram.  9 Når dei underviste i Juda, hadde dei Herrens lovbok med seg. Dei drog omkring i alle Juda-byane og underviste folket.
   
10 Ei redsle for Herren var komen over alle land og rike som låg kring Juda, så dei ikkje gjekk til krig mot Josjafat. 11 Nokre av filistrane kom til Josjafat med gåver og med sølv som avgift. Arabarane òg kom til han med småfe, sju tusen sju hundre vêrar og sju tusen sju hundre bukkar. 12 Slik fekk Josjafat større og større makt, og han bygde borger og forrådsbyar i Juda. 13 Han hadde store arbeid i gang i Juda-byane og stridsmenn, djerve krigarar, i Jerusalem.
   
14 Slik var dei mønstra, slekt for slekt: Førarane for tusen i Juda var: Adna, som var førar for 300 000 djerve krigarar; 15 jamsides han Johanan, som var førar for 280 000; 16 og jamsides han Amasja, son til Sikri, som frivillig hadde gått i Herrens teneste, og saman med han 200 000 djerve krigarar. 17 Frå Benjamin var det Eljada, ein djerv krigar, og saman med han 200 000 mann som var væpna med boge og skjold, 18 og jamsides han Josabad med 180 000 våpenføre menn. 19 Dette var dei som stod i teneste hos kongen, forutan dei som kongen hadde lagt i festningsbyane i heile Juda.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.