Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Kong Amasja vinn over Edom
25Amasja var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.  2 Han gjorde det som rett var i Herrens auge, men ikkje med eit heilt hjarte.  3 Så snart Amasja hadde sikra seg kongsmakta, drap han dei tenarane som hadde slege i hel far hans, kongen.  4 Men borna deira drap han ikkje. Han heldt seg til det som står skrive i lovboka til Moses, der Herren byd: Fedrar skal ikkje døy for borna, og born skal ikkje døy for fedrane. Kvar og ein skal døy for si eiga synd.
   
 5 Sidan samla Amasja judearane og stilte dei opp, familie for familie, under tusenmannsførarar og hundremannsførarar i heile Juda og Benjamin. Han mønstra alle som var tjue år eller meir, og fann at det var tre hundre tusen utvalde stridsføre menn som kunne bruka spyd og skjold.  6 Dessutan leigde han hundre tusen djerve krigarar frå Israel for hundre talentar sølv.  7 Då kom ein gudsmann til han og sa: «Konge, lat ikkje Israels-hæren dra med deg! For Herren er ikkje med israelittane, ikkje med nokon av Efraim-sønene.  8 Dra ut på eiga hand og gå modig i krigen! Elles vil Gud la deg falla for fienden. For Gud har makt både til å hjelpa og til å fella.»  9 Amasja spurde gudsmannen: «Kva så med dei hundre talentane som eg har gjeve til troppane frå Israel?» Gudsmannen svara: « Herren kan gje deg meir enn det!» 10 Då skilde Amasja ut troppane som var komne til han frå Efraim, og lét dei fara heim att. Dei vart brennande harme på judearane og vende heim i fullt sinne.
   
11 Amasja styrkte stillinga si. Så førte han hæren sin til Saltdalen. Der slo han ned ti tusen mann frå Se'ir, 12 og judearane tok ti tusen levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå så dei vart knuste, alle saman. 13 Men troppane som Amasja hadde sendt heim att så dei ikkje fekk dra med han i krig, plyndra byane i Juda frå Samaria til Bet-Horon. Der slo dei ned tre tusen mann og tok stort bytte.
Amasjas fråfall og nederlag
14 Då Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomittane, hadde han gudane til folket i Se'ir med seg. Han sette dei opp som sine eigne gudar, tilbad dei og tende offereld for dei. 15 Då vart Herren brennande harm på Amasja og sende han ein profet som sa: «Kvifor spør du gudar til råds som ikkje kunne berga sitt eige folk or di hand?» 16 Men då profeten tala slik til han, sa Amasja: «Har vi gjort deg til rådgjevar for kongen? Hald opp, elles blir du slegen i hel.» Då heldt profeten opp og sa: «Eg veit at Gud har sett seg føre å utrydda deg, sidan du gjorde dette og ikkje høyrde på rådet mitt.»
   
17 Amasja, kongen i Juda, heldt råd og sende så bod til Israels-kongen Joasj, son til Joahas, son til Jehu. «Kom, lat oss kjempa andlet til andlet!» sa han. 18 Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet tilbake til Juda-kongen Amasja: «Tistelen i Libanon sende ein gong bod til sedertreet i Libanon og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men eit av villdyra i Libanon kom forbi og trampa tistelen ned. 19 Du tenkjer at du har slege edomittane. Difor har du vorte overmodig og vil vinna ære. Hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke så du går til grunne, og Juda med deg?»
   
20 Men Amasja ville ikkje høyra på han; for dette var frå Gud. Han ville gje dei over i hans hender fordi dei hadde spurt Edom-gudane til råds. 21 Då rykte Israels-kongen Joasj ut mot Amasja, kongen i Juda. Dei kjempa andlet til andlet i Bet-Sjemesj, som ligg i Juda. 22 Judearane vart slegne av israelittane og flykta kvar til sitt. 23 Juda-kongen Amasja, son til Joasj, son til Joahas, vart teken til fange i Bet-Sjemesj av Joasj, Israels konge, og ført til Jerusalem. Der reiv Joasj ned fire hundre alner av bymuren, frå Efraim-porten til Hjørneporten. 24 Så tok han alt gullet og sølvet og alt utstyret som fanst i Guds hus, hos Obed-Edom og i skattkammera i kongeborga, dessutan gislane. Så vende han attende til Samaria.
   
25 Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joahas, var død. 26 Det som elles er å seia om Amasja, frå først til sist, står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane. 27 Då Amasja tok til å venda seg bort frå Herren, fekk dei til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då flykta han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der. 28 Så førte dei han til Jerusalem på hesteryggen, og han vart gravlagd hos fedrane sine i Juda-byen.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.