Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Salomo byggjer tempelet
3Så tok Salomo til å byggja Herrens hus i Jerusalem, på Moria-fjellet, der Herren hadde synt seg for David, far hans, på den staden David hadde gjort i stand, på treskjeplassen til jebusitten Ornan.  2 Han tok til med bygginga i den andre månaden i det fjerde styringsåret sitt.
   
 3 Dette er måla Salomo fastsette då han skulle byggja Guds hus: Lengda var seksti alner og breidda tjue alner etter gammalt mål.  4 Forhallen som låg framfor tempelet, var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og høgda var hundre og tjue. Han kledde hallen med reint gull innvendig.  5 Sjølve tempelbygningen kledde han med sypresstre som han la fint gull over og sette palmar og kjeder på.  6 Han kledde tempelet med edle steinar for å gjera det vakkert, og gullet han brukte, var Parvajim-gull.  7 Han la gull på heile tempelet, både bjelkane, tersklane, veggene og dørene, og på veggene graverte han inn kjerubar.
   
 8 Så laga han Det høgheilage. Det var tjue alner langt, like langt som breidda av tempelet, og tjue alner breitt. Han kledde det med seks hundre talentar fint gull.  9 Spikrane var av gull og vog femti sjekel. Loftsromma kledde han òg med gull. 10 I Det høgheilage laga han to utskorne kjerubar som vart dekte med gull. 11 Vengene på kjerubane var til saman tjue alner lange. Den eine kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang og rakk bort til tempelveggen. Den andre vengen var òg fem alner og rørte ved vengen til den andre kjeruben. 12 Den andre kjeruben hadde òg ein veng som var fem alner lang og rakk bort til veggen. Den andre vengen var òg fem alner og rørte ved vengen til den første kjeruben. 13 Dei utstrekte vengene til desse kjerubane var altså i alt tjue alner. Kjerubane stod oppreiste på føtene med andleta vende mot tempelhallen.
   
14 Så laga han forhenget av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og av fint lin, og han sette kjerubar på det. 15 Framfor tempelet laga han to søyler; dei var trettifem alner lange, og søylehovudet var fem alner høgt. 16 Han laga lenkjer som likna halskjeder, og sette dei øvst på søylene. Så laga han hundre granateple som han feste til kjedene. 17 Sidan reiste han søylene framfor tempelet, ei på høgre og ei på venstre sida. Den til høgre kalla han Jakin og den til venstre Boas.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.