Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Krønikebok

31

Tempelreforma

1 Då dei var ferdige med alt dette, drog alle dei israelittane som var der, av stad til byane i Juda. Dei slo sund steinstøttene, hogg ned Asjera-pålane og reiv ned offerhaugane og altara i heile Juda og Benjamin, i Efraim og Manasse, til det ikkje var noko att av dei. Så vende alle israelittane heim att til byane sine, kvar til sin eigedom.

2 Hiskia fastsette på nytt skiftordninga for prestane og levittane. Kvar prest og levitt fekk si særskilde teneste. Dei skulle bera fram brennoffer og fredsoffer, gjera teneste og syngja takke- og lovsongar ved portane til Herrens leir. 3 Kongen gav ein del av det han eigde, til brennoffera som skulle berast fram morgon og kveld, på sabbatane, nymånedagane og høgtidene, som skrive står i Herrens lov. 4 Han sa òg at folket som budde i Jerusalem, skulle gje prestane og levittane den delen dei skulle ha, så dei kunne halda fast ved Herrens lov.

5 Då dette påbodet vart kjent, kom israelittane med førstegrøde i stor mengd, av korn og ny vin, fin olje og honning og av alt det dei elles dyrka på marka. Dei kom òg med rikeleg tiend av alt. 6 Dei israelittane og judearane som budde i Juda-byane, gav òg tiend av storfe og småfe, og dei kom med heilage gåver som var vigsla til Herren deira Gud. Dei bar dei fram og la dei i haug etter haug. 7 I den tredje månaden tok dei til å leggja opp haugane, og i den sjuande månaden var dei ferdige. 8 Då Hiskia og stormennene kom og fekk sjå haugane, velsigna dei Herren og Israel, folket hans. 9 Hiskia spurde seg for hos prestane og levittane om desse haugane. 10 Øvstepresten Asarja, som var av Sadoks hus, svara han: «Heilt frå det tok til å koma offergåver til Herrens hus, har vi ete oss mette og endå hatt rikeleg til overs. For Herren har velsigna folket sitt. Difor har vi alt dette att.»

11 Då sa Hiskia at dei skulle gjera i stand rom i Herrens hus, og dei så gjorde. 12 Folket kom då trufast med offergåvene, tienda og dei heilage gåvene. Levitten Konanja hadde hovudansvaret for gåvene, og Sjimi, bror hans, var nest etter han. 13 Under Konanja og Sjimi, bror hans, stod andre tilsynsmenn: Jehiel, Asasja, Nahat, Asael, Jerimot, Josabad, Eliel, Jismakja, Mahat og Benaja. Dei var utpeika av kong Hiskia og Asarja, som hadde hovudansvaret for Guds hus. 14 Kore, son til levitten Jimna, som heldt vakt ved Austporten, hadde ansvaret for dei frivillige gåvene til Gud. Han skulle dela ut Herrens offergåver og dei høgheilage gåvene. 15 Under han stod Eden, Minjamin, Jesjua, Sjemaja, Amarja og Sjekanja, som hjelpte han trufast i alle prestebyane. Dei skulle dela ut gåvene til brørne sine, både store og små, i skift for skift, 16 til alle menn og gutar som var tre år eller meir, anten dei var oppskrivne i slektsregistra eller ikkje, alle som dag etter dag kom til Herrens hus og gjorde tenesta si og tok vaktene sine, skift for skift.

17 Prestane var oppskrivne i slektsregisteret etter familiane sine, og levittane som var tjue år eller meir, etter vaktene sine, skift for skift. 18 Alle var oppskrivne med heile familien sin, med koner, søner og døtrer, for dei skulle helga seg med truskap. 19 For dei av Aron-sønene, prestane, som budde på markene kring byane sine, var det i kvar by utpeika nokre menn, nemnde med namn, som skulle dela ut det som fall på alle menn og gutar av presteslekt og på alle som var oppskrivne i registeret over levittane.

20 Såleis gjorde Hiskia i heile Juda; han gjorde det som var godt, rett og sant for Herren sin Gud. 21 I alt han tok seg føre, anten det gjaldt tenesta i Guds hus eller lova og boda, søkte han Gud av heile sitt hjarte, og det lukkast for han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.