Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Krønikebok

32

Kong Sanheribs åtak på Juda

1 Etter at Hiskia trufast hadde utført alt dette, rykte Sanherib, kongen av Assur, inn i Juda. Han kringsette festningsbyane der og sa at han ville ta dei med makt. 2 Då Hiskia fekk sjå at Sanherib var komen og ville gå til krig mot Jerusalem, 3 samrådde han seg med stormennene og krigsheltane sine om å tetta for vatnet i kjeldene utanfor byen, og dei støtta han i det. 4 Det samla seg då mykje folk, og dei tetta att alle kjeldene og elva som renn gjennom landet. Dei sa: «Kvifor skulle kongen av Assur koma og finna rikeleg med vatn?»

5 Kongen styrkte makta si. Han bygde opp att heile den delen av muren som var nedriven, og reiste tårn på han. Han førte opp ein ny mur utanfor den gamle, og han gjorde Millo i Davidsbyen sterkare. Han fekk laga ei mengd med våpen og skjold. 6 Så sette han hærførarar over folket, samla dei hos seg på plassen framfor byporten og tala oppmuntrande til dei: 7 «Ver modige og sterke! Ver ikkje redde og lat dykk ikkje skremma av assyrarkongen og heile den hæren han har med seg. For den som er med oss, er større enn den som er med han. 8 Berre menneskeleg styrke er med han, men Herren vår Gud er med oss. Han skal hjelpa oss og føra våre krigar.» Og folket vart styrkt av orda til Hiskia, Juda-kongen.

9 Etter dette sende Sanherib, kongen av Assur, som låg ved Lakisj med heile stridsmakta si, nokre av mennene sine til Jerusalem, til Hiskia, Juda-kongen, og alle judearane som var i Jerusalem. Dei skulle seia:


10 «Så seier Sanherib, kongen av Assur: Kva er det de set dykkar lit til, sidan de blir verande når Jerusalem er kringsett? 11 Hiskia villeier dykk, og han vil la dykk døy av svolt og tørste når han seier: ‘ Herren vår Gud skal berga oss frå handa til kongen av Assur.’ 12 Har ikkje denne Hiskia teke bort hans offerhaugar og altar og sagt til folket i Juda og Jerusalem: ‘Berre framfor eitt altar skal de bøya dykk og tilbe, og berre på det skal de tenna offereld’? 13 Veit de ikkje kva eg og fedrane mine har gjort med folka i alle andre land? Kunne gudane til desse folkeslaga berga landa sine frå mi hand? 14 Kven av alle gudane til desse folkeslaga som fedrane mine slo med bann og utrydda, har kunna berga folket sitt frå mi hand? Og så skulle guden dykkar kunna berga dykk! 15 Lat ikkje Hiskia få narra dykk! Lat han ikkje villeia dykk på denne måten! Tru han ikkje! For ingen gud hos noko folkeslag eller rike har kunna berga folket sitt frå mi hand eller frå fedrane mine. Korleis kan då dykkar gud berga dykk frå mi hand?»


16 Dette og mykje meir tala mennene hans mot Herren Gud og mot Hiskia, tenaren hans. 17 Sanherib skreiv òg brev for å håna Herren, Israels Gud, og han spotta han slik: «Likså lite som gudane til folkeslaga rundt om i landa har berga folka sine frå mi hand, likså lite skal guden til Hiskia kunna berga sitt folk.» 18 Så ropa dei med høg røyst på judeisk til folket i Jerusalem som stod på muren. Dei ville setja skrekk i dei og skremma dei, så dei kunne ta byen. 19 Dei tala om Jerusalems Gud på same vis som om gudane hos andre folk på jorda, dei som er laga av menneskehand.

20 Kong Hiskia og profeten Jesaja, son til Amos, bad og ropa til himmelen. 21 Og Herren sende ein engel som gjorde ende på alle tapre krigarar, hovdingar og stormenn i leiren til assyrarkongen, så han med skam laut fara heim att til landet sitt. Og då han gjekk inn i huset til guden sin, kom nokre av hans eigne etterkomarar og hogg han ned med sverd. 22 Slik frelste Herren Hiskia og dei som budde i Jerusalem, frå Sanherib, kongen av Assur, og frå alle andre fiendar, og gav dei ro på alle kantar. 23 Det var mange som kom til Jerusalem med gåver til Herren og med verdfulle ting til Hiskia, Juda-kongen. Han var høgt æra hos alle folkeslag etter dette.

Siste styringsåra til Hiskia

24 På den tid vart Hiskia dødssjuk. Då bad han til Herren, og han svara han og gjorde eit under. 25 Men Hiskia var ikkje takksam for den velgjerninga som han hadde røynt; hjartet hans vart hovmodig. Då kom det vreide over han og over Juda og Jerusalem. 26 Men Hiskia audmjuka seg, endå så hovmodig han var, og det same gjorde dei som budde i Jerusalem. Difor kom ikkje Herrens vreide over dei så lenge Hiskia levde.

27 Hiskia skaffa seg stor rikdom og ære. Han laga seg skattkammer for sølv og gull og dyre steinar, balsamolje, skjold og allslags kostesame ting. 28 Han bygde lagerhus til avlinga av korn, ny vin og fin olje og fjøs til bufe av alle slag, og han la seg til buskap på båsen. 29 Han bygde byar og fekk seg småfe og storfe i mengd, for Gud hadde gjeve han stor rikdom. 30 Det var Hiskia som tetta att det øvre utløpet av Gihon-kjelda og leidde vatnet nedover mot vest til Davidsbyen. I alt han tok seg føre, hadde Hiskia lukka med seg. 31 Slik var det òg den gongen det kom sendemenn frå stormennene i Babel. Dei var sende til han for å spørja om det underet som hadde hendt i landet den gongen Gud forlét han for å setja han på prøve og finna ut kva som budde i hjartet hans.

32 Det som elles er å seia om Hiskia og truskapen hans, det står skrive i syna til profeten Jesaja, son til Amos, og i boka om Juda- og Israels-kongane. 33 Hiskia gjekk til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i skråninga mellom gravene til Davids etterkomarar. Alle som budde i Juda og Jerusalem, viste han stor ære då han døydde. Manasse, son hans, vart konge etter han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.