Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Kong Josjia reformerer gudsdyrkinga
34Josjia var åtte år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år.  2 Josjia gjorde det som rett var i Herrens auge. Han følgde dei same vegane som David, stamfar sin, og bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre.
   
 3 I det åttande styringsåret sitt, då han endå var ung, tok han til å søkja Gud til David, stamfar sin. Og i det tolvte året tok han til å reinsa Juda og Jerusalem for offerhaugar og Asjera-pålar og for utskorne og støypte gudebilete.  4 Medan han såg på, reiv dei ned altara for Baal-gudane, og røykjelsesaltara som stod oppå dei, hogg han sund. Asjera-pålane og dei utskorne og støypte bileta knuste han til støv, som han strødde på gravene til folk som hadde ofra til dei.  5 Knoklane til prestane brende han på deira eigne altar. Slik reinsa han Juda og Jerusalem.  6 Også i byane i Manasse, Efraim og Simon, ja, heilt til Naftali, la han alt i ruinar på alle kantar.  7 Då han hadde rive ned altara og Asjera-pålane, knust dei utskorne bileta til støv og hogge ned alle røykjelsesaltara i heile Israel, vende han heim att til Jerusalem.
   
 8 I det attande styringsåret til kong Josjia, då han hadde reinsa landet og tempelet, sende han Sjafan, son til Asalja, saman med byhovdingen Maaseja og kanslaren Joah, son til Joahas, av stad for å setja i stand huset til Herren hans Gud.  9 Då dei kom til Hilkia, øvstepresten, gav dei han dei pengane som var komne inn til Guds hus. Det var dei pengane som levittane, dørvaktarane, hadde samla inn frå Manasse og Efraim og frå heile resten av Israel, frå heile Juda og Benjamin og frå dei som budde i Jerusalem. 10 Dei gav pengane til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei vidare til handverkarane som arbeidde i Herrens hus med å undersøkja og reparera skadane der. 11 Dei gav òg pengar til tømrarane og bygningsmennene så dei kunne kjøpa inn hoggen stein og tømmer til tverrbjelkar. Dei skulle tømra opp att dei bygningane som Juda-kongane hadde late forfalla. 12 Mennene arbeidde trufast. Levittane Jahat og Obadja av Merari-sønene og Sakarja og Mesjullam av Kehat-sønene hadde tilsynet med dei og leiinga av arbeidet. Dei levittane som var musikarar, 13 hadde tilsyn med berarane og leidde alle dei som gjorde arbeid av ymse slag. Andre levittar var skrivarar, arbeidsformenn og dørvaktarar.
Bokrullen som vart funnen
14 Medan dei heldt på med å ta fram pengane som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia ein bokrull med Herrens lov som var gjeven ved Moses. 15 Då tok Hilkia til orde og sa til riksskrivaren Sjafan: «Eg har funne ein bokrull med lova i Herrens hus.» Og han gav rullen til Sjafan. 16 Sjafan tok bokrullen med seg til kongen, og samstundes melde han: «Tenarane dine gjer alt det som er pålagt dei. 17 Sølvet som fanst i Herrens hus, har dei smelta om og gjeve til tilsynsmennene og arbeidsleiarane.» 18 Så fortalde han kongen: «Presten Hilkia har gjeve meg ein bokrull.» Og han las opp frå rullen for kongen.
   
19 Då Josjia høyrde det som stod i lova, reiv han sund kleda sine. 20 Så gav han dette bodet til Hilkia og til Ahikam, son til Sjafan, Abdon, son til Mika, riksskrivaren Sjafan og kongsmannen Asaja: 21 «Gå og søk råd hos Herren for meg og for dei som er att i Israel og Juda, om det som står i denne bokrullen som er funnen. For stor er Herrens harme som blir aust ut over oss fordi fedrane våre ikkje følgde Herrens bod og ikkje gjorde alt det som er skrive i denne bokrullen.»
   
22 Då gjekk Hilkia og kongsmennene til profetkvinna Hulda, som var gift med Sjallum, son til Tokhat, son til Hasra, han som hadde tilsyn med kleskammeret. Hulda budde i den nye bydelen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne om dette, 23 og ho sa til dei:
        «Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg:
24 Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og dei som bur der, alle dei forbanningane som er skrivne i denne bokrullen de har lese opp for Juda-kongen. 25 For dei har gått ifrå meg og tent offereld for andre gudar. Slik har dei gjort meg rasande med framferda si. Harmen min er aust ut over denne staden, og han skal ikkje slokna. 26 Men til Juda-kongen som sende dykk for å søkja råd hos Herren, skal de seia: Så seier Herren, Israels Gud: Du har no høyrt desse orda. 27 Dei rørte ved hjartet ditt, og du audmjuka deg for Guds andlet då du høyrde orda hans mot denne staden og mot dei som bur der. Fordi du audmjuka deg for meg og reiv sund kleda dine og gret for mitt andlet, har eg òg høyrt, seier Herren. 28 Sjå, eg vil la deg koma til fedrane dine. I fred skal du sameinast med dei i grava. Auga dine skal sleppa å sjå all den ulukka eg fører over denne staden og over dei som bur der.»
        Med dette svaret kom dei heim att til kongen.
29 Då sende kongen bod og kalla saman alle dei eldste i Juda og Jerusalem. 30 Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle judearane og dei som budde i Jerusalem – prestane og levittane, heile folket, både gamle og unge – følgde han. Han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som var funnen i Herrens hus. 31 Kongen stilte seg opp på plassen sin og gjorde ei pakt for Herrens andlet: Folket skulle følgja Herren og halda hans bod, reglar og forskrifter av heile sitt hjarte og heile si sjel. Alle dei paktorda som var skrivne i denne bokrullen, skulle dei halda. 32 Så lét han alle som var til stades i Jerusalem og Benjamin, gå med i pakta. Og dei som budde i Jerusalem, levde etter den pakta dei hadde gjort med Gud, sine fedrars Gud. 33 Josjia tok bort alt som var avskyeleg, frå alle landområda som høyrde israelittane til, og han sytte for at alle som fanst i Israel, dyrka Herren sin Gud. Så lenge han levde, vende dei seg ikkje bort frå Herren, sine fedrars Gud.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.