Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Salomos bøn ved tempelvigsla
6Då sa Salomo:
           Herren har sagt
          at han vil bu i ei mørk sky.
          
   
 2 Men no har eg bygd deg ein staseleg bustad,
          ein stad der du kan bu i all tid.
 3 Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels forsamling medan dei stod.  4 Han sa: Velsigna er Herren, Israels Gud, som med sine hender har fullført det han med sin munn lova David, far min, då han sa:  5 «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut frå Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israel-stammane for at det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Eg valde heller ikkje ut nokon til å vera fyrste over Israel, folket mitt.  6 Men så valde eg ut Jerusalem til bustad for namnet mitt, og eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.»  7 David, far min, hadde i tankar å byggja eit hus for namnet til Herren, Israels Gud.  8 Men Herren sa til David, far min: «Då du hadde i tankar å byggja eit hus for namnet mitt, var tanken god.  9 Likevel, det er ikkje du som skal byggja huset, men son din, som er av ditt eige kjøt og blod. Han skal byggja huset for namnet mitt.» 10 No har Herren halde det ordet han tala. Eg har følgt etter David, far min, og teke sete på Israels kongsstol, slik Herren har sagt, og eg har bygd huset for namnet til Herren, Israels Gud. 11 Der har eg sett paktkista som inneheld den pakta Herren gjorde med israelittane.
   
12 Så stod Salomo fram for Herrens altar midt framfor heile Israels forsamling og breidde hendene ut. 13 Han hadde laga ei plattform av bronse og sett henne midt i tempelgarden. Ho var fem alner lang, fem alner brei og tre alner høg. På den stod han no. Så fall han på kne framfor heile Israels forsamling, breidde hendene ut mot himmelen 14 og sa:
         Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje i himmelen eller på jorda. Du held pakta og viser truskap mot tenarane dine når dei ferdast heilhjarta for ditt andlet.
15 Du har halde den lovnaden du gav din tenar David, far min. Med di hand har du oppfylt det du lova med din munn, som det viser seg i dag. 16 Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav din tenar David, far min, då du sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt andlet, så sant sønene dine aktar på si ferd og held seg til mi lov, slik som du har gjort.» 17 Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til din tenar David!
   
18 Men bur Gud verkeleg på jorda hos menneska? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd! 19 Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han bed for ditt andlet! 20 Hald auga dine opne over dette huset dag og natt. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden! 21 Ja, høyr den bøna om nåde som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Høyr dei frå himmelen der du bur, høyr og tilgjev!
   
22 Når ein mann skader nesten sin og det blir kravd at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset, 23 då må du høyra det i himmelen, gripa inn og skifta rett mellom tenarane dine. Gjev den urettferdige att, lat framferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige og lat han få løn for si rettferd!
   
24 Når Israel, folket ditt, blir slege av fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om og prisar namnet ditt, bed og ropar til deg om nåde i dette huset, 25 då må du høyra det frå himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira. Før dei tilbake til det landet du gav dei og fedrane deira.
   
26 Når himmelen er stengd så det ikkje kjem regn fordi dei har synda mot deg, men dei så bed til deg, vende mot denne staden, prisar namnet ditt og vender om frå synda si fordi du har audmjuka dei, 27 då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, landet du har gjeve folket ditt som eigedom.
   
28 Når det blir hunger og naud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornsot og svartrust, grashopper og larvar, når fiendar kringset byane i landet – same kva slag plage og sjukdom det er – 29 og så ein eller annan eller heile folket ditt, Israel, ber fram bøner og rop om nåde fordi kvar og ein kjenner si plage og si smerte, og breier ut hendene sine mot dette huset, 30 då må du høyra det i himmelen der du tronar. Tilgjev og gjev kvar og ein att etter framferda hans, du som kjenner hjartet hans. For du er den einaste som kjenner hjartet i mennesket! 31 Så skal dei frykta deg og gå på dine vegar alle dei dagane dei lever i landet du gav fedrane våre.
   
32 Det kan òg henda at framande som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte på grunn av ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, vende mot dette huset, 33 då må du høyra dei frå himmelen der du tronar, og gjera alt det dei ropar til deg om! Slik skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal frykta deg liksom ditt eige folk, Israel, og vita at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygd.
   
34 Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til deg, vende mot den byen som du har valt deg ut, og mot det huset som eg har bygd for namnet ditt, 35 då må du frå himmelen høyra bønene deira og ropa om nåde og hjelpa dei til deira rett.
   
36 Når folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – så blir du harm på dei og gjev dei i fiendens hand, som fører dei i fangenskap til eit anna land, anten det no er langt borte eller nær. 37 Men så går dei i seg sjølve i det landet der dei blir haldne i fangenskap, og vender om og bed til deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda, bore oss ille åt og gjort urett.» 38 Vender dei då om til deg av heile sitt hjarte og heile sin hug i det landet der dei er i fangenskap, hos dei som tok dei til fange, og bed til deg, vende mot det landet du gav fedrane deira, mot byen som du har valt ut, og mot huset som eg har bygd for namnet ditt, 39 då må du frå himmelen der du tronar, høyra bønene deira og ropa deira om nåde og hjelpa dei til deira rett. Tilgjev folket ditt det dei har synda mot deg! 40 Og no, min Gud, hald auga dine opne og øyra dine vende mot bøna som stig opp frå denne staden!
          
   
41 Reis deg no, Herre, min Gud,
          og kom til din kvilestad,
          du og paktkista, som er din styrke.
          Prestane dine, Herre, min Gud,
          skal kle seg i frelse,
          dine trugne skal gleda seg
          over det gode.
          
   
42 Herre, min Gud, vis ikkje frå deg dei du har salva,
          men hugs din truskap mot David, tenaren din!
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.