Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Salomo fullfører verket
8Då dei tjue åra var gått som Salomo hadde brukt til å byggja Herrens hus og kongeborga,  2 bygde han opp att dei byane som Hiram hadde gjeve han, og lét israelittar busetja seg der.  3 Så drog Salomo til Hamat-Soba og tok byen.  4 Han bygde opp att Tadmor i ørkenen og alle byane med lagerhus som han hadde bygd i Hamat.  5 Like eins bygde han opp att Øvre Bet-Horon og Nedre Bet-Horon til festningsbyar med murar, portar og bommar,  6 og Baalat og alle byane der Salomo hadde lagerhus, og alle dei byane der han hadde vognene og hestane sine. Han bygde òg alt han ønskte seg både i Jerusalem og i Libanon, i heile det riket han rådde over.
   
 7 Framleis var det att i landet hetittar, amorittar, perisittar, hevittar og jebusittar, folk som ikkje høyrde Israel til.  8 Salomo la pliktarbeid på etterkomarane av desse folka, så mange som endå var att i landet fordi israelittane ikkje hadde gjort ende på dei. Slik har det vore til denne dag.  9 Men han sette ingen av israelittane til å gjera slavearbeid; dei var krigarar, offiserar, vognkommandantar og ryttarar. 10 Arbeidsformennene til kong Salomo var to hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med arbeidsfolket.
   
11 Salomo førte dotter til farao frå Davidsbyen opp til det huset han hadde bygd for henne. Han sa: «Det skal ikkje bu noka kvinne i huset til David, Israels-kongen. For det er heilagt, sidan Herrens paktkiste er komen dit.»
   
12 Så ofra Salomo brennoffer til Herren på Herrens altar som han hadde bygd framfor forhallen. 13 Kvar dag ofra han så mykje som Moses hadde påbode, på sabbatsdagane og nymånedagane og på dei tre høgtidene i året: høgtida med usyra brød, vekefesten og lauvhyttefesten. 14 Etter den forskrifta som David, far hans, hadde gjeve, fastsette han skiftordninga for prestane i tenesta deira, og tenesta for levittane og for dørvaktarane ved dei ulike portane, skift for skift. Tenesta for levittane var å syngja lovsongar og hjelpa prestane i tenesta etter som det trongst for kvar dag. For dette hadde David, gudsmannen, påbode. 15 Dei veik ikkje av frå det som kongen hadde bode når det gjaldt prestane og levittane, korkje om skattkammera eller noko anna.
   
16 No var heile Salomos verk fullført, frå den dagen grunnvollen til Herrens hus vart lagd, til det stod ferdig. Herrens hus var fullført.
   
17 Sidan drog Salomo til Esjon-Geber og til Eilat, som ligg ved kysten i Edom-landet. 18 Hiram fekk nokre av mennene sine til å senda han skip med sjøfolk som var godt kjende på havet. Dei tok av stad til Ofir saman med mennene til Salomo. Der henta dei fire hundre og femti talentar gull, som dei førte til kong Salomo.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

26. juni 2022

Dagens bibelord

Markus 10,13–16

Les i nettbibelen

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. ... Vis hele teksten

13De bar små barn til ham for at han skulle røre ved dem, men disiplene viste dem bort. 14Da Jesus så det, ble han sint og sa til dem: «La de små barna komme til meg, og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem. 15Sannelig, jeg sier dere: Den som ikke tar imot Guds rike slik som et lite barn, skal ikke komme inn i det.» 16Og han tok dem inn til seg, la hendene på dem og velsignet dem.