Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Krønikebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

Forrige kapittelNeste kapittel

Dronninga av Saba gjestar Salomo
9Då dronninga av Saba fekk høyra om Salomo, kom ho og ville prøva han med gåter. Ho kom til Jerusalem med eit stort følgje og med kamelar som bar balsamoljar, mengder av gull og edelsteinar. Ho steig fram for Salomo og tala med han om alt som låg henne på hjartet.  2 Og Salomo gav henne svar på alt det ho spurde om. Det fanst ikkje noko som var løynt for kongen så han ikkje kunne gje henne svar.  3 Då dronninga av Saba fekk sjå visdomen til Salomo, huset han hadde bygd,  4 rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, munnskjenkane og kleda deira, og prosesjonen når han gjekk opp til Herrens hus, mista ho heilt pusten.  5 Ho sa til kongen: «Så var det då sant, det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!  6 Eg trudde ikkje det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne auge. Men no ser eg at dei ikkje eingong har fortalt meg halvparten om den store visdomen din. Du overgår alt eg har høyrt.  7 Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane, som alltid får stå hos deg og høyra visdomen din!  8 Velsigna vere Herren din Gud, som hadde slik godvilje for deg at han sette deg på sin kongsstol som konge for Herren din Gud. Fordi din Gud har Israel kjært og vil halda folket oppe til evig tid, har han sett deg til konge over dei, så du skal fremja rett og rettferd.»
   
 9 Så gav ho kongen eitt hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd balsamoljar og edelsteinar. Det har aldri sidan vore slike mengder med balsamoljar i landet som det dronninga av Saba gav kong Salomo.
   
10 Mennene til Hiram og Salomo som henta gull frå Ofir, hadde òg med seg sandeltre og edelsteinar derifrå. 11 Av sandeltreet fekk kongen laga trapper til Herrens hus og kongeborga og lyrer og harper til songarane. Noko liknande hadde aldri vore å sjå i Juda før.
   
12 Kong Salomo gav dronninga av Saba alt det ho hadde lyst på og bad om, i tillegg til gåver som takk for det ho hadde hatt med til kongen. Så braut ho opp og drog heim att til landet sitt saman med tenarane sine.
Salomos rikdom
13 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar. 14 Attåt det kom avgiftene frå dei handelsreisande og kjøpmennene som innførte varer. Alle arabarkongane og statthaldarane i landet kom òg med gull og sølv til Salomo.
   
15 Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sjekel gull. 16 Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre hundre sjekel gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.
   
17 Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull. 18 Kongsstolen hadde seks trappesteg og ein fotskammel av gull, som var fest til han. På begge sider av setet var det armlene, og ved kvart av dei stod det ei løve. 19 På dei seks trappestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Ein slik kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.
   
20 Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alt utstyret i Libanon-skoghuset var av reint gull. Sølv vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar. 21 For kongen hadde skip som gjekk til Tarsis med nokre av mennene til Hiram. Ein gong kvart tredje år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.
   
22 Kong Salomo vart større enn alle kongane på jorda i rikdom og visdom. 23 Og alle kongane på jorda søkte til Salomo for å høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjartet hans. 24 Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kapper, våpen, balsamoljar, hestar og muldyr.
   
25 Salomo hadde fire tusen stallplassar for hestar og vogner og tolv tusen ryttarar. Av dei plasserte han somme i vognbyane og somme hos seg sjølv i Jerusalem. 26 Han herska over alle kongane frå Eufrat til filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt.
   
27 Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i låglandet. 28 Dei henta hestar til Salomo frå Egypt og frå alle andre land.
   
29 Det som elles er å seia om Salomo, frå først til sist, det står skrive i boka til profeten Natan, i profetiane av Ahia frå Sjilo og i syna til sjåaren Iddo om Jeroboam, son til Nebat. 30 I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel. 31 Så gjekk Salomo til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i byen til David, far sin. Rehabeam, son hans, vart konge etter han.
Forrige kapittelNeste kapittel

18. januar 2022

Dagens bibelord

Markus 2,23–28

Les i nettbibelen

23Ein gong Jesus gjekk langsmed kornåkrane på sabbaten, tok læresveinane hans til å riva av aks medan dei gjekk. 24Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei slikt som ingen har lov til på sabbaten?» ... Vis hele teksten

23Ein gong Jesus gjekk langsmed kornåkrane på sabbaten, tok læresveinane hans til å riva av aks medan dei gjekk. 24Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei slikt som ingen har lov til på sabbaten?» 25Han svara: «Har de aldri lese kva David gjorde då han var i naud og både han og mennene hans svalt? 26Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta. Han gav òg til dei som var med han.» 27Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten. 28Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.»