Gå til forsiden

Paulus' andre brev til korintarane

1

Helsing

1 Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, og Timoteus, vår bror, helsar Guds forsamling i Korint og alle dei heilage i heile Akaia: 2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Takk til Gud som trøystar

3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, den Far som er rik på miskunn, vår Gud som gjev all trøyst. 4 Han trøystar oss i all vår naud, så vi kan trøysta dei som er i naud, med den trøyst som Gud trøystar oss med. 5 For liksom Kristi lidingar i rikt mål kjem over oss, blir vi òg i rikt mål trøysta ved Kristus. 6 Lid vi naud, er det for at de skal få trøyst og frelse. Blir vi trøysta, er det for at de skal få den trøysta som gjer dykk uthaldande i dei same lidingane som vi må gjennomlida. 7 Og vårt håp for dykk er fast. For vi veit at slik de deler lidingane med oss, deler de òg trøysta.

8 Vi vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om alt det vonde vi måtte lida i Asia. Det var så tungt at det var meir enn vi kunne bera. Vi var til og med i tvil om vi kunne berga livet. 9 I tanken kjende vi oss alt som dødsdømde, slik at vi ikkje skulle stola på oss sjølve, men på Gud, som reiser opp dei døde. 10 Han berga oss frå den visse død, og han skal berga oss igjen. Til han har vi sett vår von, og han skal berga oss på nytt. 11 Også de må koma oss til hjelp i bøn. Når mange bed, vil takka for den nådige hjelp vi får, stiga opp frå mange munnar.

Forsvar mot kritikk

12 For det er vi stolte av, og det kan samvitet vårt vitna om: Vi har ferdast her i verda, og ikkje minst mellom dykk, i ein ærlegdom og reinleik som er av Gud. Vi har ikkje late oss leia av menneskeleg visdom, men av Guds nåde. 13 For det ligg ikkje noko anna i det vi skriv til dykk, enn det de kan lesa og forstå. Og eg håpar at de skal læra å forstå fullt ut 14 det som de no delvis har skjøna: at de skal vera stolte av oss, slik vi skal vera stolte av dykk på vår Herre Jesu dag.

15 I tillit til dette var det at eg ville koma til dykk først, så de skulle få dobbel glede. 16 Eg ville koma innom dykk både på reisa til Makedonia og på vegen attende derifrå. Då kunne de hjelpa meg vidare på reisa til Judea. 17 Gjekk eg ansvarslaust fram då eg planla dette? Eller legg eg planar slik menneske kan gjera, så eg seier både ja og nei på same tid? 18 Så sant som at Gud er trufast: Det vi seier til dykk, er ikkje samtidig ja og nei. 19 For Guds Son, Jesus Kristus, som vi har forkynt for dykk, eg og Silvanus og Timoteus, han var ikkje ja og nei; i han var det berre ja. 20 For alle Guds lovnader har fått sitt ja i han. Difor seier vi òg ved han vårt amen, Gud til ære. 21 Men den som grunnfester både oss og dykk i Kristus, og som har salva oss, det er Gud. 22 Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarta våre.

23 Eg kallar Gud til vitne; det er sanning i mi sjel: Det er for å spara dykk at eg ikkje hittil har kome til Korint. 24 For vi vil ikkje vera herrar over trua dykkar, men medarbeidarar så de kan finna gleda. For i trua står de støtt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.