Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Elia blir oppteken til himmelen 2Den gongen Herren tok Elia opp til himmelen i ein storm, gjekk det slik til: Elia og Elisja gjekk saman ut frå Gilgal. 2 Elia sa til Elisja: «Ver her! For Herren sender meg til Betel.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei ned til Betel. 3 Profetlæresveinane i Betel kom ut til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit òg det. Tei berre stilt!» 4 Så sa Elia til han: «Ver her, Elisja! For Herren sender meg til Jeriko.» Han svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei til Jeriko. 5 Profetlæresveinane der i byen kom bort til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det. Tei berre stilt!» 6 No sa Elia til han: «Ver her! For Herren sender meg til Jordan.» Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei vidare saman. 7 Femti av profetlæresveinane følgde etter dei. Dei vart ståande midt imot Elia og Elisja langt borte, medan dei to stilte seg opp ved Jordan. 8 Elia tok kappa si, rulla henne saman og slo på vatnet. Då skilde vatnet seg, og begge gjekk over på tørre botnen. 9 Medan dei gjekk over, sa Elia til Elisja: «Sei meg, kva kan eg gjera for deg før eg blir teken frå deg?» Elisja sa: «Lat meg få ånda di i dobbelt mål!» 10 Elia svara: «Det er vanskeleg, det du ber om. Men ser du meg når eg blir teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.» 11 Medan dei gjekk der og snakka saman, kom det brått ei eldvogn med eldhestar føre og skilde dei frå kvarandre. Og Elia fór opp til himmelen i stormen. 12 Då Elisja såg dette, ropa han: «Min far, min far! Israels vogner og ryttarar!» Då han ikkje kunne sjå han lenger, tok han tak i kleda sine og reiv dei i to stykke. 13 Så tok han opp kappa til Elia, som hadde falle av han. Han gjekk tilbake og stilte seg ved bredda av Jordan. 14 Der tok han kappa som hadde falle av Elia, slo på vatnet og sa: «Kvar er Herren, Elias Gud?» Elisja slo òg på vatnet så det skilde seg, og han gjekk over. 15 Profetlæresveinane frå Jeriko som stod midt imot han, såg dette og sa: «Ånda til Elia kviler over Elisja.» Og dei kom imot han og kasta seg til jorda for han. 16 Så sa dei: «Det er femti sterke menn her hos tenarane dine. Lat dei gå av stad og leita etter meisteren din! Kanskje Herrens ande har lyft han opp og sleppt han ned på eit av fjella eller i ein dal.» Han svara: «De skal ikkje senda nokon.» 17 Men dei trygla og bad han heilt til han gav etter og sa: «Så send dei ut!» Så sende dei ut femti mann som leita etter Elia i tre dagar, men dei fann han ikkje. 18 Dei kom tilbake til Elisja, som hadde vorte verande i Jeriko. Og han sa til dei: «Var det ikkje det eg sa, at de ikkje skulle gå?» Elisja gjer under i Jeriko og Betel 19 Mennene i Jeriko sa til Elisja: «Som du ser, herre, ligg byen fint til. Men vatnet er dårleg, og jorda gjev ikkje grøde.» 20 Då sa han: «Hent eit nytt fat til meg og ha salt oppi det!» Dei gjorde det. 21 Og så gjekk han ut til den staden der vatnet strøymde fram, kasta salt nedi og sa: «Så seier Herren: No gjer eg dette vatnet friskt. Det skal aldri meir valda død eller øydeleggja avling.» 22 Sidan har vatnet vore friskt, heilt til denne dag. Det gjekk som Elisja hadde sagt. 23 Frå Jeriko drog profeten opp til Betel. Medan han var på vegen, kom nokre smågutar ut av byen. Dei gjorde narr av han og ropa: «Kom deg vekk, din snauskalle! Kom deg vekk, din snauskalle!» 24 Då han snudde seg og fekk sjå dei, forbanna han dei i Herrens namn. Og to bjørnar kom ut or skogen og reiv i hel førtito av borna. 25 Frå Betel drog Elisja til Karmel-fjellet, og så vende han attende til Samaria. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
29. mai 2023
5Nå går jeg til ham som har sendt meg, men ingen av dere spør: ‘Hvor går du?’ 6For sorg har fylt hjertet deres fordi jeg har sagt dere dette. ... Vis hele teksten
5Nå går jeg til ham som har sendt meg, men ingen av dere spør: ‘Hvor går du?’ 6For sorg har fylt hjertet deres fordi jeg har sagt dere dette. 7Men jeg sier dere sannheten: Det er det beste for dere at jeg går bort. For dersom jeg ikke går bort, kommer ikke Talsmannen til dere. Men går jeg bort, kan jeg sende ham til dere. 8Og når han kommer, skal han gå i rette med verden og vise den hva synd er, hva rettferdighet er, og hva dom er: 9Synden er at de ikke tror på meg. 10Rettferdigheten er at jeg går til Far, og dere ser meg ikke lenger. 11Dommen er at denne verdens fyrste er dømt.
5No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: ‘Kvar går du?’ 6For hjartet dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. ... Vis hele teksten
5No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: ‘Kvar går du?’ 6For hjartet dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7Men eg seier dykk som sant er: Det er det beste for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8Og når han kjem, skal han gå i rette med verda og visa henne kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er: 9Synda er at dei ikkje trur på meg. 10Rettferda er at eg går til Far, og de ser meg ikkje lenger. 11Dommen er at han som herskar over denne verda, er dømd.
5Muhto dál mun manan su lusa gii lea vuolggahan mu. Ii oktage dis jeara gosa mun manan, 6muhto din váibmu lea morrašis dan geažil maid mun dadjen didjiide. ... Vis hele teksten
5Muhto dál mun manan su lusa gii lea vuolggahan mu. Ii oktage dis jeara gosa mun manan, 6muhto din váibmu lea morrašis dan geažil maid mun dadjen didjiide. 7Muhto mun cealkkán didjiide duohtavuođa: Didjiide lea ávkin ahte mun manan eret. Jos mun in mana, de Bealušteaddji ii sáhte boahtit din lusa. Muhto go mun lean mannan, de mun vuolggahan su din lusa, 8ja son boahtá ja čájeha máilbmái mii lea suddu, mii vanhurskkisvuohta ja mii duopmu. 9Suddu lea das ahte olbmot eai oskko munnje, 10vanhurskkisvuohta boahtá albmosii das ahte mun manan Áhči lusa ehpetge dii oainne šat mu, 11ja duopmu lea das ahte dán máilmmi ráđđejeaddji lea dubmejuvvon.