Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Kongebok

1

Elia varslar Ahasjas død

1 Moab gjorde opprør mot Israel etter at Ahab var død.

2 Ahasja fall ut gjennom gittervindauget i loftssalen sin i Samaria og vart hardt skadd. Då sende han bod av stad og sa: «Gå og spør Baal-Sebub, guden i Ekron, om eg skal koma meg av denne sjukdomen.» 3 Men Herrens engel sa til Elia frå Tisjbe: «Stå opp og gå til møtes med sendeboda frå kongen i Samaria og sei til dei: Er det ingen Gud i Israel sidan de går for å rådspørja Baal-Sebub, guden i Ekron? 4 Difor seier Herren: Du kjem ikkje til å stå opp frå den senga du har lagt deg i. Du skal døy.» Så gjekk Elia.

5 Sendeboda vende då attende til kongen. «Kvifor kjem de alt att?» spurde han. 6 Dei svara: «Det kom ein mann imot oss, og han sa til oss: Gå tilbake til kongen som sende dykk, og sei til han: Så seier Herren: Er det ingen Gud i Israel sidan du sender bod for å rådspørja Baal-Sebub, guden i Ekron? Difor kjem du ikkje til å stå opp frå den senga du har lagt deg i. Du skal døy.» 7 Kongen spurde dei: «Korleis var han, den mannen som kom imot dykk og snakka slik til dykk?» 8 Dei svara: «Det var ein hårete mann med eit skinnklede bunde om livet.» Då sa han: «Det var Elia frå Tisjbe!»

9 No sende kongen ein femtimannsførar med mennene sine til Elia. Då han nådde toppen av berget der Elia sat, sa han til han: «Gudsmann, kongen seier: Kom ned!» 10 Elia svara: «Så sant eg er ein gudsmann: Eld skal fara ned frå himmelen og øyda deg og dine femti mann!» Då fór det eld ned frå himmelen og øydde både føraren og dei femti mennene hans.

11 Så sende kongen ein annan femtimannsførar og mennene hans, og han sa til Elia: «Gudsmann, så seier kongen: Skund deg og kom ned!» 12 Men Elia svara: «Er eg ein gudsmann, skal eld fara ned frå himmelen og øyda deg og dei femti mennene dine!» Og Guds eld fór ned frå himmelen og øydde han og mennene hans.

13 Tredje gongen sende kongen ein femtimannsførar og mennene hans til han. Då denne tredje føraren var komen opp, fall han på kne framfor Elia og bad for seg: «Gudsmann», sa han, «kom i hug kor dyrt livet er for meg og desse femti tenarane dine! 14 Eld fór ned frå himmelen og øydde dei to førre førarane og mennene deira. No må mitt liv vera dyrt i dine auge!»

15  Herrens engel sa til Elia: «Gå med han og ver ikkje redd han!» Då stod han opp, følgde med føraren ned til kongen 16 og sa til han: «Så seier Herren: Fordi du sende bod og ville rådspørja Baal-Sebub, guden i Ekron, som om det ikkje var nokon Gud å spørja i Israel, skal du ikkje stå opp frå den senga du har lagt deg i. Du skal døy.» 17 Og Ahasja døydde, slik som Herren hadde sagt gjennom Elia. Ahasja hadde ingen son, difor vart bror hans, Joram, konge etter han. Dette hende i andre året Joram, son til Josjafat, var konge i Juda. 18 Det som elles er å seia om Ahasja og det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.