Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Neste kapittel

Lovnaden om Den heilage ande
1I den første boka mi, gode Teofilos, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte, frå han begynte  2 og heilt til den dagen han vart teken opp til himmelen. Då hadde han ved Den heilage ande gjeve sine påbod til dei apostlane han hadde valt ut.  3 Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klåre bevis på at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til.  4 Ein gong han åt saman med dei, gav han dei dette påbodet: «De skal ikkje dra bort frå Jerusalem, men venta på det som Far har lova, det som de har høyrt av meg.  5 For Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den heilage ande om nokre få dagar.»
Jesus blir teken opp til himmelen
 6 Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?»  7 Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt.  8 Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.»
   
 9 Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira. 10 Som dei stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei 11 og sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»
   
12 Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei sabbatsreise unna. 13 Inne i byen gjekk dei opp på den salen der dei brukte å halda til. Det var Peter og Johannes, Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomeus og Matteus, Jakob, son til Alfeus, Simon seloten og Judas, son til Jakob. 14 Alle desse heldt trufast saman i bøn, i lag med nokre kvinner og Maria, mor til Jesus, og brørne hans.
Ein ny apostel
15 Ein gong i desse dagane steig Peter fram mellom syskena. Det var samla om lag hundre og tjue menneske. 16 «Mine sysken», sa han, «det måtte oppfyllast, det skriftordet som Den heilage ande lét David seia om Judas, han som vart vegvisar for dei som greip Jesus. 17 Han var rekna mellom oss og hadde del i same teneste og oppdrag. 18 For den løna han fekk for ugjerninga si, kjøpte han ein åker. Men han fall hovudstups så buken rivna og alle innvolane valt ut. 19 Alle som bur i Jerusalem, fekk vita dette, og på sitt eige mål kallar dei difor åkeren Hakeldama – det tyder Blodåkeren. 20 For det står skrive i Salmane: Lat bustaden hans liggja i øyde, lat ingen bu der, og: Lat ein annan overta hans oppdrag! 21 Nokre menn var saman med oss heile den tida Herren Jesus gjekk inn og ut blant oss, 22 heilt frå byrjinga, då han vart døypt av Johannes, og til den dagen han vart teken frå oss opp til himmelen. No må ein av desse saman med oss vera vitne om at han er stått opp.»
   
23 To menn vart kalla fram: Josef, som vart kalla Barsabbas med tilnamnet Justus, og Mattias. 24 Og dei bad: «Herre, du som kjenner alle hjarte, vis oss kven av desse to du har valt ut 25 til å ta plassen etter Judas og overta den aposteltenesta som han gjekk ifrå då han fór til sin eigen stad.» 26 Dei kasta lodd, og loddet fall på Mattias. Sidan vart han rekna som apostel saman med dei elleve.
Apg 1,1 viser til Luk 1,1-4
Note : den første boka mi: Evangeliet etter Lukas, jf. Luk 1,1. Teofilos: kanskje ein romersk embetsmann og velgjerar som interesserte seg for kristendomen og hadde ansvar for at Luk og Apg vart skrivne av og spreidde.
Apg 1,3 viser til Luk 24,36ff
Apg 1,4 viser til Luk 24,49, Joh 14,16f+
Note : det som Far har lova: =Den heilage ande. Jf. Luk 24,49.
Apg 1,5 viser til Matt 3,11, Joh 1,33, Apg 2,1ff
Note : Johannes: verka i øydemarka omkring Jordanelva, der han forkynte omvending og døypte. Jf. Luk 1,57–80; 3,1–20; 9,7–9; jf. Mark 6,14–29. =vanlege namn.
Apg 1,11 viser til Matt 26,64, Op 1,7
Note : Galilearar: Både Jesus, dei tolv apostlane og mange av dei som følgde han, var frå Galilea.
Apg 1,12 viser til Luk 24,52
Note : sabbatsreise: så langt som lova tillét jødane å gå på sabbaten, ca. 1 km. =festar og høgtider.
Apg 1,13 viser til Luk 6,14ff
Note : syskena: =sysken.
Apg 1,18 viser til Matt 27,3ff
Apg 1,21 viser til Luk 1,2
Apg 1,22 viser til Apg 4,33+
Apg 1,26 viser til Ordt 16,33
Note : kasta lodd: I GT brukte ein ofte loddkasting for å avgjera kva som var Guds vilje. Jf. 1 Sam 10,21; 28,6; Jona 1,7; Luk 1,9.
Neste kapittel

14. april 2021

Dagens Bibelord

Esekiel 34,11–16

Les i nettbibelen

11Så sier Herren Gud: Se, jeg vil selv lete etter sauene mine og ta meg av dem. ... Vis hele teksten

11Så sier Herren Gud: Se, jeg vil selv lete etter sauene mine og ta meg av dem. 12Som en gjeter tar seg av sauene sine og er med dem den dagen de blir spredt, slik vil jeg ta meg av sauene mine og berge dem fra alle stedene de kom til da de ble spredt, på den mørke og skytunge dagen. 13Jeg vil føre dem ut fra folkene, samle dem fra landene og føre dem inn i deres eget land. Så skal jeg gjete dem på fjellene i Israel, i dalene og overalt hvor de bor i landet. 14På gode beitemarker skal jeg gjete dem, de skal ha engene sine på Israels høye fjell. Der skal de hvile i frodige enger. De skal gå på saftige beiter på fjellene i Israel. 15Jeg vil gjete sauene mine og la dem hvile, sier Herren Gud. 16Jeg vil lete opp de bortkomne, føre tilbake de fordrevne, forbinde de skadde, styrke de syke, vokte de fete og sterke og gjete dem på rett vis.