Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Apostelgjerningane

18

Paulus i Korint

1 Sidan tok Paulus ut frå Aten og drog til Korint. 2 Der trefte han ein jøde som heitte Akvilas og var fødd i Pontos. Saman med Priskilla, kona si, var han nyleg komen frå Italia, fordi keisar Claudius hadde gjeve påbod om at alle jødar skulle forlata Roma. Paulus tok inn hos dei, 3 og sidan dei dreiv same handverket – dei var teltmakarar – vart han buande der og arbeidde i lag med dei. 4 Men kvar sabbat tala han med folk i synagogen og overtydde både jødar og grekarar.

5 Då Silas og Timoteus kom ned frå Makedonia, vigde Paulus seg heilt til forkynninga og vitna for jødane at Jesus var Messias. 6 Men dei sette seg imot og spotta. Då riste han støvet av kleda sine og sa til dei: «Blodet dykkar skal koma over dykkar eige hovud. Eg er utan skuld. Frå no av går eg til heidningane.» 7 Så gjekk han derifrå og kom heim til Titius Justus, ein mann som dyrka Gud. Huset hans låg vegg i vegg med synagogen. 8 Synagogeforstandaren Krispus kom til tru på Herren saman med heile huslyden sin, og mange andre korintarar som høyrde Paulus, trudde og vart døypte.

9 Ei natt sa Herren til Paulus i eit syn: «Ver ikkje redd! Du skal ikkje teia, men tala! 10 Eg er med deg, og ingen skal røra deg eller gjera deg noko vondt, for eg har mykje folk i denne byen.» 11 Så vart han buande der i eitt år og seks månader og lærte dei Guds ord.

12 Medan Gallio var guvernør i Akaia, slo jødane seg saman mot Paulus og drog han fram for domstolen. 13 «Denne mannen», sa dei, «lokkar folk til å dyrka Gud på ein måte som er i strid med lova.» 14 Paulus fekk ikkje opna munnen før Gallio sa til jødane: «Hadde det vore eit brotsverk eller ein kjeltringstrek det gjaldt, då hadde eg hatt grunn til å høyra med tolmod på dykk, jødar. 15 Men er det strid om ord og namn og dykkar eiga lov, så får de greia opp med det sjølve. Eg vil ikkje vera dommar i slike saker.» 16 Dermed jaga han dei bort frå domstolen. 17 Då tok alle fatt i synagogeforstandaren Sostenes og banka han opp midt framfor dommarsetet. Men Gallio brydde seg ikkje det minste om det.

Tilbake til Syria

18 Endå ei tid vart Paulus verande der. Så sa han farvel til brørne og segla til Syria saman med Priskilla og Akvilas. Men først klipte han håret i Kenkreæ, for han hadde bunde seg med ein lovnad. 19 Då dei kom til Efesos, skilde Paulus lag med dei andre. Han gjekk til synagogen og gav seg i samtale med jødane. 20 Dei bad han vera lenger. Han avslo, 21 men då han tok avskil, sa han: «Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil.» Så segla han ut frå Efesos. 22 Då han kom til Cæsarea, gjekk han opp til Jerusalem og helsa på forsamlinga. Så fór han ned til Antiokia.

Paulus på tredje misjonsreisa

Apg 18,23–21,16

23 Der vart han verande ei tid og tok så ut att. Han drog frå stad til stad gjennom Galatia-området og Frygia og styrkte alle læresveinane.

Apollos

24 Ein jøde som heitte Apollos, og som ætta frå Aleksandria, kom no til Efesos. Han hadde ordet i si makt og var vel kjend i skriftene. 25 Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg. Han forkynte med stor glød og underviste nøye om Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen. 26 Han tok til å tala med frimod i synagogen. Der fekk Priskilla og Akvilas høyra han. Dei tok seg av han og gav han grundigare kjennskap til Guds veg. 27 Sidan ønskte han å fara over til Akaia, og brørne oppmuntra han til det. Dei skreiv til læresveinane der at dei måtte ta vel imot han. Då han kom dit, vart han ved Guds nåde til stor hjelp for dei som hadde kome til tru. 28 For med stor kraft sette han jødane på plass når han i ope ordskifte viste ut frå skriftene at Jesus var Messias.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.