Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Apostelgjerningane

19

Paulus i Efesos

1 Medan Apollos var i Korint, drog Paulus gjennom innlandet og kom til Efesos. Der møtte han nokre læresveinar 2 og spurde dei: «Fekk de Den heilage ande då de kom til tru?» Dei svara: «Vi har ikkje eingong høyrt at det er nokon Heilag Ande.» 3 «Kva dåp vart de då døypte med?» spurde han. «Med Johannes-dåpen», svara dei. 4 Då sa Paulus: «Johannes døypte med ein dåp til omvending. Han sa til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, det er Jesus.» 5 Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til Herren Jesu namn. 6 Og då Paulus la hendene på dei, kom Den heilage ande over dei. Dei tala i tunger, og dei tala profetisk. 7 Det var om lag tolv menn i alt.

8 Sidan gjekk han til synagogen, og der tala han med stort frimod i tre månader. Han samtala med folk og overtydde dei om det som høyrer Guds rike til. 9 Men det var nokre som gjorde seg harde og ikkje ville tru. Dei tala vondt om Vegen så alle høyrde på. Då braut Paulus med dei og tok læresveinane med. Sidan hadde han kvar dag samtalar i skulen til Tyrannos. 10 Dette heldt han fram med i to år, så alle som budde i Asia, både jødar og grekarar, fekk høyra Herrens ord.

Dei sju sønene til Skevas

11 Gud gjorde uvanlege under gjennom Paulus. 12 Det hende til og med at folk tok lommeplagg og arbeidsklede som han hadde brukt, og la på dei sjuke. Då sleppte sjukdomen taket, og dei vonde åndene fór ut. 13 Nokre jødar som reiste omkring og dreiv med åndemaning, freista òg å seia fram Herren Jesu namn over dei som hadde vonde ånder i seg, og sa: «Eg byd dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.» 14 Skevas, ein jødisk overprest, hadde sju søner som dreiv på med dette. 15 Men den vonde ånda svara dei: «Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg om. Men kven er de?» 16 Og mannen som hadde den vonde ånda i seg, flaug på dei, overmanna dei alle og skamfór dei, så dei måtte rømma ut or huset, nakne og såra. 17 Dette vart kjent for alle som budde i Efesos, både jødar og grekarar. Det kom redsle over dei alle, og Herren Jesu namn vart lovprisa. 18 Mange av dei truande kom og skrifta og fortalde kva dei hadde gjort. 19 Og mange av dei som hadde fare med svartekunster, kom med bøkene sine og brende dei for auga på alle. Dei rekna ut kva bøkene var verde, og kom til at det var 50 000 sølvpengar. 20 Såleis breidde Ordet seg ut og fekk stor framgang ved Herrens makt.

21 Då alt dette var fullført, sette Paulus seg føre å dra gjennom Makedonia og Akaia og heilt til Jerusalem. Og han sa: «Når eg har vore der, må eg reisa til Roma òg.» 22 Så sende han Timoteus og Erastos, to av dei som stod i tenesta saman med han, til Makedonia. Sjølv vart han verande endå ei tid i Asia.

Uro i Efesos

23 På den tida vart det ei stor uro om Vegen. 24 Ein sølvsmed som heitte Demetrios, laga Artemis-tempel av sølv og hjelpte handverkarane til god inntekt. 25 Ein dag kalla han saman både dei og arbeidarane som dreiv med dette, og sa: «Godt folk! De veit at velstanden vår kjem frå dette arbeidet. 26 Men no kan de både sjå og høyra korleis denne Paulus overtalar menneske i store mengder og fører dei vill, ikkje berre her i Efesos, men i mest heile Asia. Han seier at gudar som er laga av menneskehender, ikkje er gudar. 27 Det er fare for at yrket vårt får dårleg ord på seg, men verre er det at tempelet til Artemis, den store gudinna vår, kan bli rekna for ingen ting, og at ho som heile Asia, ja, heile verda dyrkar, kan koma til å mista sitt velde.» 28 Då dei høyrde det, vart dei rasande og ropa: «Stor er efesargudinna Artemis!» 29 Uroa breidde seg over heile byen, og alle som ein storma av stad til teateret og drog med seg Gaius og Aristarkos, to makedonarar som hadde følgt Paulus på reisa. 30 Paulus ville gå inn i folkehopen, men læresveinane hindra han. 31 Nokre av dei høgste embetsmennene i provinsen, som var mellom venene hans, sende òg bod til han at han ikkje måtte våga seg inn i teateret. 32 Forsamlinga var no i fullt opprør. Somme skreik éin ting, andre noko anna, og dei fleste visste ikkje eingong kvifor dei hadde kome saman. 33 Då skuva jødane fram ein mann som heitte Aleksander, og nokre i flokken sette han inn i saka. Aleksander gjorde teikn med handa og ville halda ein forsvarstale til folket. 34 Men då dei skjøna at han var jøde, skreik dei alle i kor i to samfulle timar: «Stor er efesargudinna Artemis!» 35 Men byskrivaren roa folkehopen og sa: «Efesarar, finst det noko menneske som ikkje veit at efesarbyen er sett til vaktar for tempelet til den store Artemis og steinen som har falle ned frå himmelen? 36 Dette kan ingen nekta, og difor bør de no vera rolege og ikkje fara for brått fram. 37 No har de ført hit desse mennene som verken er tempelranarar eller har spotta gudinna vår. 38 Vil Demetrios og handverkarane hans reisa sak mot nokon, så har vi dei vanlege rettsmøta, og vi har våre guvernørar. Partane kan stemna kvarandre for retten. 39 Og har de noko anna å krevja, skal det bli avgjort på det lovlege folketinget. 40 Etter det som har hendt i dag, kan vi lett bli klaga for opprør. Og vi har ingen ting å visa til om nokon krev oss til rekneskap for dette oppstyret.» Med desse orda fekk han folkehopen til å skiljast.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.