Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til kolossarane

1 2 3 4

< Forrige kapittelNeste kapittel >
2Eg vil de skal vita kor hardt eg strider for dykk og for dei i Laodikea, og for alle dei andre som ikkje har møtt meg andlet til andlet.  2 Eg ønskjer at dei må få nytt mot i hjartet, bli knytte saman i kjærleik og nå fram til heile rikdomen av overtyding og innsikt, så dei kan fatta Guds mysterium, som er Kristus.  3 For i han ligg alle skattar av visdom og kunnskap gøymde.  4 Dette seier eg for at ingen skal lura dykk med lokkande talemåtar.  5 For sjølv om eg ikkje er hos dykk med kroppen, er eg hos dykk i ånda, og eg ser med glede den gode orden som rår hos dykk, og kor faste de er i trua på Kristus.
Kristi fylde og dåpen
 6 Når de har teke imot Kristus Jesus som Herre, så lev då i han,  7 rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i den trua de er opplærte i, og lat dykkar takk fløyma!  8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus.  9 For i hans kropp bur heile guddomsfylden, 10 og i han, som er hovudet for alle makter og åndskrefter, har de fått denne fylden. 11 I han vart de òg omskorne, men ikkje av menneskehender. De vart omskorne med Kristi omskjering då de la av den kroppen som kjøtet har makta over. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, han som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av misgjerningane og det uomskorne kjøtet dykkar. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus då han tilgav oss alle våre misgjerningar. 14 Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen. 15 Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Mot falske menneskebod
16 Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. 17 Dette er berre skuggen av det som skulle koma, men kroppen høyrer Kristus til. 18 Lat ikkje dei som vil driva med sjølvfornekting og engledyrking, røva sigersprisen frå dykk. Dei går heilt opp i sine eigne syn, og utan grunn blæs dei seg opp av tankar som kjem frå deira eige kjøt og blod, 19 og held ikkje fast på han som er hovudet. Ut frå han veks heile kroppen med ein vokster som er av Gud, og blir halden oppe og bunden saman av alle sener og band.
   
20 Når de med Kristus har døydd bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då leva slik ein gjer i verda, og følgja bod som 21 «ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»? 22 Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er meinte til å brukast og gå til grunne. 23 Rett nok har slikt ord på seg for å vera visdom, både sjølvlaga gudsdyrking, sjølvfornekting og mishandling av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera kjøtet vårt til lags.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

22. mai 2022

Dagens bibelord

Matteus 6,7–13

Les i nettbibelen

7Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord. 8Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det. 9Slik skal de be: Vår Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast. ... Vis hele teksten

7Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord. 8Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det. 9Slik skal de be: Vår Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast. 10Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. 11Gjev oss i dag vårt daglege brød, 12og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. 13Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. *For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.•