Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Paulus' brev til kolossarane

3

Det gamle og det nye mennesket

1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Vend dykkar sinn til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 For de er døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, dykkar liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

5 Så lat det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst, og trongen til alltid å eiga meir, som ikkje er anna enn avgudsdyrking. 6 Alt dette gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. 7 Mellom dei var de òg, den gongen de levde i dette. 8 Men no må de leggja av alt dette: sinne, raseri, vondskap, spott og rått snakk. 9 Og lyg ikkje for kvarandre! For de har kledd av dykk det gamle mennesket med dei gjerningar som høyrer det til, 10 og ikledd dykk det nye mennesket, som blir fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna. 11 Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, barbar, skytar, slave eller fri. Nei, Kristus er alt og i alle.

12 De er Guds utvalde, heilage og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige, 13 så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre. 14 Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer fullkomen. 15 Lat Kristi fred rå i hjartet dykkar, for til det vart de kalla då de vart éin kropp. Og ver takksame! 16 Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk, så de med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar. Syng for Gud med takk i hjarta! 17 Og alt de gjer, i ord og gjerning, skal de gjera i Herren Jesu namn og ved han takka Gud, vår Far.

Heim og familie

18 Kvinner, underordna dykk mennene dykkar, som det sømer seg i Herren. 19 Menn, elsk konene dykkar og ver ikkje harde mot dei. 20 Born, ver lydige mot foreldra dykkar i alle ting, for det er til glede i Herren. 21 Foreldre, ver ikkje så strenge mot borna dykkar at dei mistar motet. 22 Slavar, lyd dei jordiske herrane dykkar i alle ting. Ver ikkje augnetenarar som berre vil gjera menneske til lags, men lyd dei av eit ærleg hjarte, i ærefrykt for Herren. 23 Alt arbeid skal de gjera heilhjarta, for det er Herren og ikkje menneske de tener. 24 For de veit at de skal få arven som løn av Herren. Kristus er den herren de skal tena. 25 Men den som gjer urett, skal få den løn han fortener. Her er det ikkje forskjell på folk.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.