Gå til forsiden

Daniel

12

Trengsle og frelse i endetida

1 På den tid skal Mikael stå fram,

den store fyrsten

som står saman med dine landsmenn.

Det skal koma ei trengselstid

som det ikkje har vore maken til

frå folkeslag vart til

og heilt til den tida.

Men på den tid skal folket ditt bli berga,

alle som er oppskrivne i boka.

2 Mange av dei som søv i molda,

skal vakna opp,

somme til evig liv,

andre til spott og evig avsky.

3 Dei kloke skal skina

som himmelkvelven skin,

og dei som har ført dei mange til rettferd,

skal skina som stjernene til evig tid.

4 Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal streifa omkring, og kunnskapen skal auka.


5 Eg, Daniel, såg, og sjå! – to andre stod der, ein på den eine sida av elva og ein på den andre sida av elva. 6 Ein av dei spurde mannen som var kledd i lin, og som var over vatnet i elva: «Kor lenge skal det vara før alt dette underfulle får sin ende?» 7 Mannen som var kledd i lin, og som var over vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Han som lever evig: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta til det heilage folket er heilt knust, skal alt dette ta slutt.» 8 Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er slutten på dette?» 9 Han svara: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera gøymde og forsegla til endetida. 10 Mange skal bli reinsa, lutra og vaska reine. Men dei urettferdige skal gjera urett, og ingen av dei skal forstå. Men dei kloke skal forstå. 11 Frå den tid då det daglege offeret blir bortteke og det motbydelege som øydelegg, blir oppsett, skal det gå 1290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1335 dagar. 13 Og du, gå til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp til din lut når dagane tek ende.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.