Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Daniel

1

Daniel hos kongen av Babel

1 I det tredje året Jojakim var konge i Juda, kom Nebukadnesar, kongen i Babel, til Jerusalem og kringsette byen. 2 Herren gav Juda-kongen Jojakim over i hans hender, og like eins noko av utstyret i Guds hus. Nebukadnesar tok det med til Sinear-landet, til huset til sin gud. Han sette tempelutstyret i skattkammeret til sin gud.

3 Kongen sa til Aspenas, hoffsjefen, at han skulle henta nokre israelittar frå kongsætta og frå dei fremste familiane, 4 unge gutar utan feil på kroppen og vakre å sjå til, kunnige i alle slag visdom, kunnskapsrike og lærenæme, skikka til å gjera teneste i kongens slott. Dei skulle han læra opp i skriftene og språket til kaldearane. 5 Kongen fastsette at dei kvar dag skulle få eta maten og drikka vinen frå kongens bord. I tre år skulle dei få opplæring, og etter den tid skulle dei gå i teneste for kongen. 6 Mellom dei var jødane Daniel, Hananja, Misjael og Asarja. 7 Hoffsjefen gav dei nye namn. Daniel kalla han for Beltsasar, Hananja for Sjadrak, Misjael for Mesjak og Asarja for Abed-Nego.

8 Daniel sette seg føre at han ikkje ville gjera seg urein med maten og vinen frå kongens bord. Han bad hoffsjefen om å få sleppa å gjera seg urein. 9 Og Gud laga det så at hoffsjefen fekk godhug og velvilje for Daniel. 10 Men hoffsjefen sa til Daniel: «Eg er redd for at herren min, kongen, som har fastsett kva de skal eta og drikka, skal synast at de ikkje ser så friske ut som dei andre gutane på dykkar alder, og då har de sett livet mitt i fare hos kongen.» 11 Då sa Daniel til oppsynsmannen som hoffsjefen hadde sett over Daniel, Hananja, Misjael og Asarja: 12 «Prøv tenarane dine i ti dagar! Gjev oss grønsaker å eta og vatn å drikka! 13 Så kan du sjølv sjå korleis vi ser ut, og korleis dei gutane ser ut som et av maten frå kongens bord, og gjera med tenarane dine ut frå det du då får sjå.» 14 Han høyrde på dei i denne saka og prøvde dei i ti dagar. 15 Då dei ti dagane var gått, viste det seg at dei såg betre og sunnare ut enn dei gutane som hadde ete av maten frå kongens bord. 16 Då lét oppsynsmannen dei sleppa denne maten og vinen og gav dei grønsaker.

17 Gud gav dei fire gutane kunnskap og vit på alle skrifter og all slags visdom. Og Daniel skjøna seg på alle slags syn og draumar.

18 Då den tida kongen hadde fastsett, var ute og dei skulle førast fram for han, førte hoffsjefen dei fram for Nebukadnesar. 19 Kongen snakka med dei, og det fanst ingen som kunne måla seg med Daniel, Hananja, Misjael og Asarja. Og dei gjekk inn i teneste hos kongen. 20 Kvar gong kongen spurde dei til råds i saker som kravde visdom og vit, fann han at dei var ti gonger så vise som alle draumetydarar og åndemanarar i riket.

21 Daniel vart verande der til første regjeringsåret til kong Kyros.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.