Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Forkynnaren

12

Tenk på din skapar

1 Tenk på din skapar i ungdoms år,

før dei vonde dagane kjem,

før dei åra kjem då du må seia:

«Eg har inga glede av dei»,

2 før sol og dagslys,

måne og stjerner blir mørke

og skyene kjem att etter regnet.

3 Då skjelv tenarane i huset,

dei sterke mennene blir krokete.

Kvinnene som mel på kverna,

held opp, for dei har vorte så få;

og det mørknar for jentene som ser ut gjennom gluggane.

4 Begge dørene mot gata blir stengde,

og duren frå kverna blir døyvd.

Ein står opp til fuglekvitter,

men alle songens døtrer stilnar.

5 Då ottast ein for kvar bakke,

og farar lurer på vegen.

Mandeltreet blømer,

grashoppa slepar seg fram,

og kapersfrukta brest

medan mennesket går til sin siste bustad;

dei som skal gråta, er alt på gata.

6 Ja, tenk på din skapar

før sølvsnora slitnar og gullskåla brest,

før krukka går sund attmed kjelda

og hjulet brotnar og fell i brønnen,

7 når støvet vender attende til jorda

som det støvet det var,

og ånda går til Gud, som gav henne.


8 Fåfengt og forgjengeleg, seier Forkynnaren,

ja, alt er forgjengeleg!

Sluttord

9 Forkynnaren var ikkje berre vis, han gav òg folket kunnskap. Han grunda og granska og laga mange ordtak. 10 Forkynnaren la vinn på å finna gode ord og vendingar og skreiv ned det som er rett og sant.


11 Ord av vismenn er som broddar,

fyndord i samling er som naglar

sette inn av ein gjetar.


12 Men elles, son min, ta deg i vare:

Det er ingen ende på dei bøkene som blir skrivne,

og mykje gransking gjer kroppen trøytt.


13 Dette er summen av alt du har høyrt:

Ottast Gud og hald hans bod!

Dette er det som alle menneske har fått.

14 For Gud skal dømma kvar gjerning,

halda dom over alt som er løynt,

anten det er godt eller vondt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.