Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Forkynnaren

2

Kongens makt og rikdom

1 Eg sa i hjartet mitt:

Gå no, prøv gleda

og nyt det som er godt!

Men det òg var slikt som forgår.

2 Om latteren sa eg: Han er ein narr,

og om gleda: Kva tener ho til?

3 Eg ville la kroppen nyta vin,

medan hjartet styrte meg med visdom.

Eg ville prøva dårskapen,

heilt til eg skjøna kva som er godt for menneska

den korte tida dei lever under himmelen.


4 Så sette eg store ting i verk:

Eg bygde hus og planta vinmarker,

5 eg stelte til hagar og parkar

og sette alle slag frukttre i dei.

6 Eg bygde dammar til å vatna

lundar med frodige tre.

7 Eg kjøpte slavar og slavekvinner,

eg hadde slavar som var fødde i mitt hus.

Eg fekk meg meir storfe og småfe

enn nokon hadde hatt

før meg i Jerusalem.

8 Eg samla meg sølv og gull,

og kongelege skattar frå andre rike.

Eg fekk meg songarar og songarinner

og det som er ei lyst for menn,

kvinner og atter kvinner.


9 Eg vart stor i makt og rikdom,

ja, større enn nokon som har levd i Jerusalem før meg.

Men visdomen min heldt eg fast ved.

10 Eg sa ikkje nei til noko av det auga ønskte;

eg nekta meg inga glede.

Hjartet gledde seg over alt mitt arbeid,

og det var løna for mitt strev.


11 Så vende eg blikket

mot alt mine hender hadde gjort,

alt eg hadde samla ved å arbeida.

Og sjå, alt var like fåfengt som å gjeta vinden.

Det er ingen ting å vinna under sola.

12 Eg vende blikket mot visdom,

mot uforstand og dårskap.

Kva kan han gjera som kjem etter kongen?

Ikkje anna enn det som er gjort før han.

13 Eg såg at visdom er betre enn dårskap,

slik lyset er betre enn mørkret.

14 Den vise har auge i hovudet,

men dåren går omkring i mørker.

Men eg skjøna òg

at slik det går med den eine,

slik går det med begge.


15 Og eg sa i hjartet mitt:

Slik det går med dåren, skal det òg gå med meg.

Så kva skal all min visdom tena til?

Og eg svara i hjartet mitt:

Det òg er slikt som forgår.

16 For minnet om den vise

lever ikkje lenger enn minnet om dåren.

I dagane som kjem,

er allting gløymt for lenge sidan.

Ja, den vise må døy, han slik som dåren.


17 Då hata eg livet,

for det som hender under sola, plaga meg.

Alt er like fåfengt som å gjeta vinden.

18 Eg hata alt eg hadde arbeidd

og streva med under sola.

Alt må eg overlata

til den som kjem etter meg.

19 Kven veit om det blir ein vis eller ein dåre

som skal rå over det eg har vunne

med mitt arbeid og min visdom under sola?

Dette òg er fåfengt.


20 Då vart eg djupt fortvila i hjartet

over alt eg har arbeidd

og streva med under sola.

21 For ein mann kan vinna mykje

med visdom, kunnskap og dugleik,

men må likevel gje det i arv til ein annan

som ikkje har hatt noko strev med det.

Det òg er fåfengt, ei ulukke er det.

22 Kva har mennesket att

for alt sitt arbeid, alt hjartet jagar etter,

for alt det strevar med under sola?

23 Alle dagar som mennesket får, er fulle av smerte,

og alt det driv med, gjev det sorg.

Ikkje eingong om natta

fell hjartet til ro.

Det òg er fåfengt.

Alt er ei gåve frå Gud

24 Ingen ting er betre for eit menneske

enn å eta og drikka

og unna seg gode dagar

midt i alt sitt strev.

Men eg fekk sjå at det òg

kjem frå Guds hand.

25 For kven kan eta og vera glad

utan at det er gjeve av han?

26 Ja, Gud gjev visdom, kunnskap og glede

til den som er god i hans auge.

Men den som syndar,

gjev han strevet med å samla og sanka,

og sidan må han gje alt saman

til den som er god i Guds auge.

Dette òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.