Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Forkynnaren

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12

Forrige kapittelNeste kapittel
5Ver ikkje for snar med munnen,
          og lat ikkje hjartet forhasta seg
          når du vil tala eit ord for Guds andlet.
          For Gud er i himmelen og du er på jorda,
          lat difor orda dine vera få!
          
   
 2 Med hardt slit følgjer tankespinn,
          med dårars tale følgjer mange ord.
          
   
 3 Når du gjev Gud ein lovnad,
          så dryg ikkje med å halda han.
          For Gud har ikkje glede i dårar.
          Hald det du har lova han!
          
   
 4 Det er betre at du ikkje gjev han lovnader,
          enn at du lovar og ikkje held ord.
          
   
 5 Lat ikkje munnen få deg til å synda,
          og sei ikkje til Guds sendebod:
          «Eg gjorde det av vanvare.»
          Kvifor vil du gjera Gud harm med orda dine,
          så han øydelegg det du har gjort?
          
   
 6 Midt i alle draumar, alt som er fåfengt, og alle ord:
          Ha ærefrykt for Gud!

Urett og rikdom
     7 Ser du at fattigfolk blir undertrykte,
          at rett og rettferd blir krenkte i din provins,
          så undra deg ikkje over det!
          For den eine mektige vernar den andre,
          og over dei begge står andre med makt.
          
   
 8 Framfor alt er jord ein god ting,
          ein konge må sørgja for at jorda blir dyrka.
          
   
 9 Den som er glad i pengar,
          blir aldri mett på pengar.
          Den som elskar rikdom,
          får aldri vinning nok.
          Dette òg er fåfengt.
          
   
10 Dess større eigedom,
          dess fleire som skal leva av han.
          Kva gagn har eigaren av det,
          anna enn at han får meir å sjå på?
          
   
11 Ein slave kan sova godt
          anten han har lite eller mykje å eta.
          Alt det den rike eig,
          tek natteroa frå han.
          
   
12 Noko beiskt og vondt
          har eg sett under sola:
          Oppspart rikdom
          kan bli til ulukke for eigaren.
          
   
13 Rikdomen kan gå tapt i uheldig handel,
          og når han får ein son,
          står han der med tomme hender.
          
   
14 For slik som han kom frå mors liv,
          slik skal han venda attende,
          like naken som han kom.
          Ingen ting har han att for sitt arbeid,
          ingen ting kan han ta med når han fer.
          
   
15 Det òg er beiskt og vondt:
          Slik som han kom, lyt han gå.
          Kva har han då att?
          Han har arbeidd for vind.
          
   
16 Alle sine dagar må han eta i mørker,
          sorgfull, sjuk og sint.
          
   
17 Høyr kva eg har funne:
          Det er rett og godt
          å eta og drikka og nyta det gode
          midt i alt arbeid og strev under sola,
          den korte tida Gud lèt mennesket leva.
          Det er den delen som mennesket har fått.
          
   
18 Når Gud lèt eit menneske få rikdom og gods
          og gjev han lov til å nyta det,
          så han kan ta imot sin del
          og gleda seg over det han eig,
          då er det ei gåve frå Gud.
          
   
19 Då tenkjer han ikkje på dagane som går,
          for Gud gjev han glede i hjartet.
Fork 5,5 viser til 4 Mos 15,25-31
Note: Guds sendebod: truleg presten eller levitten. Jf. Mal 2,7.
Fork 5,7 viser til Fork 3,16, Fork 4,1
Note: provins: Ordet blir brukt om provinsane i Persarriket. Jf. Esra 2,1.
Forrige kapittelNeste kapittel

23. oktober 2021

Dagens Bibelord

Johannes 8,12–14

Les i nettbibelen

12Igjen talte Jesus til folket og sa: «Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys.» 13Fariseerne sa til ham: «Du vitner i egen sak, ditt vitneutsagn er ikke gyldig.» ... Vis hele teksten

12Igjen talte Jesus til folket og sa: «Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys.» 13Fariseerne sa til ham: «Du vitner i egen sak, ditt vitneutsagn er ikke gyldig.» 14Jesus svarte: «Selv om jeg vitner i egen sak, er mitt vitneutsagn gyldig. For jeg vet hvor jeg er kommet fra og hvor jeg går hen. Men dere vet ikke hvor jeg kommer fra og hvor jeg går hen.