Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
Neste kapittel > |
Helsing 1Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, helsar dei heilage *i Efesos•, dei truande i Kristus Jesus: 2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus! Alt i Kristus 3 Velsigna er Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4 I Kristus valde han oss ut før verda vart grunnlagd, til å stå for hans andlet, heilage og utan feil. I kjærleik 5 og etter sin eigen gode vilje avgjorde han på førehand at vi skulle få rett til å vera hans born ved Jesus Kristus, 6 til lov og pris for hans herlegdom og nåde, som han så rikeleg gav oss i han som han elskar så høgt. 7 I han har vi fridomen, kjøpt med hans blod, tilgjeving for syndene. For så rik er Guds nåde, 8 som han lét strøyma over oss med all visdom og forstand, 9 då han gjorde kjent for oss sin viljes mysterium, det han gjerne ville gjera i han. 10 Han ville fullføra sin frelseplan då tida var fullmogen: å samla alt til eitt i Kristus, alt i himmelen og på jorda i han. 11 I han fekk vi òg arverett, slik det frå først var tiltenkt oss etter forsettet til han som gjennomfører alt etter sin eigen plan og vilje, 12 så vi som alt har sett vår von til Kristus, skal vera til lov og pris for hans herlegdom. 13 I han høyrde de sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han kom de òg til tru, merkte med seglet til Anden, Den Heilage, han som var lova, 14 han som er pantet på arven til Guds eige folk blir sett fri, til lov og pris for hans herlegdom. Takk og bøn 15 Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg hugsar på dykk i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna. 18 Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage 19 og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig. 20 Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han som er hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle. |
Neste kapittel > |
06. februar 2023
13Dere er jordens salt! Men hvis saltet mister sin kraft, hvordan skal det da bli gjort til salt igjen? Det duger ikke lenger til noe, men kastes ut og tråkkes ned av menneskene. 14Dere er verdens lys! En by som ligger på et fjell, kan ikke skjules. ... Vis hele teksten
13Dere er jordens salt! Men hvis saltet mister sin kraft, hvordan skal det da bli gjort til salt igjen? Det duger ikke lenger til noe, men kastes ut og tråkkes ned av menneskene. 14Dere er verdens lys! En by som ligger på et fjell, kan ikke skjules. 15Heller ikke tenner man en oljelampe og setter den under et kar. Nei, man setter den på en holder, så den lyser for alle i huset. 16Slik skal deres lys skinne for menneskene, så de kan se de gode gjerningene dere gjør, og prise deres Far i himmelen!
13De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned. 14De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. ... Vis hele teksten
13De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned. 14De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. 15Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. 16Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!
13Dii lehpet eatnama sálti. Muhto jos sálti veagahuvvá, de mo dan fas oažžu sálttisin? Dat ii dohkke šat maninge: Dat bálkása ja duolmmahaddá olbmuide. 14Dii lehpet máilmmi čuovga. Gávpot mii lea vári alde, ii sáhte leat čihkosis. ... Vis hele teksten
13Dii lehpet eatnama sálti. Muhto jos sálti veagahuvvá, de mo dan fas oažžu sálttisin? Dat ii dohkke šat maninge: Dat bálkása ja duolmmahaddá olbmuide. 14Dii lehpet máilmmi čuovga. Gávpot mii lea vári alde, ii sáhte leat čihkosis. 15Ja go olmmoš cahkkeha lámppá, de ii bija dan gári vuollái, muhto lámpájuolgái, vai dat báitá buot viesu olbmuide. 16Nu báitos maiddái din čuovga olbmuide, vai sii oidnet din buriid daguid ja máidnot din Áhči guhte lea almmis.