Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Andre Mosebok

1

Slavearbeidet i Egypt

1 Dette er namna på Israels søner som kom til Egypt; dei kom saman med Jakob, kvar med sin huslyd: 2 Ruben, Simon, Levi og Juda, 3 Jissakar, Sebulon og Benjamin, 4 Dan og Naftali, Gad og Asjer. 5 Dei var i alt sytti personar, dei som stamma frå Jakob. Josef var alt i Egypt. 6 Så døydde Josef og alle brørne hans og heile dette slektsleddet. 7 Men israelittane var fruktbare, dei auka, vart mange og svært talrike. Landet vart fullt av dei.

8 Det stod fram ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste om Josef. 9 Han sa til folket sitt: «Sjå, Israelsfolket har vorte for stort og talrikt for oss. 10 Kom, lat oss gå klokt til verks mot dei, så dei ikkje blir endå fleire! For blir det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og dreg frå landet.»

11 Difor sette dei oppsynsmenn til å plaga israelittane med tvangsarbeid. Dei måtte byggja to forrådsbyar for farao, Pitom og Ramses. 12 Men di meir dei vart plaga, di fleire vart dei, og di meir breidde dei seg utover. Og egyptarane vart redde israelittane. 13 Dei tvinga israelittane til slavearbeid 14 og gjorde livet bittert for dei. Dei påla dei hardt arbeid med leire og teglstein og allslags arbeid ute på marka. Alt dette slavearbeidet vart israelittane tvinga til å gjera.

15 Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearane – den eine heitte Sjifra og den andre Pua: 16 «Når de hjelper hebrearkvinnene til å føda, skal de sjå etter i fødestolen. Er det ein gut, skal de drepa han; er det ei jente, skal ho få leva.» 17 Men jordmødrene frykta Gud og gjorde ikkje som egyptarkongen hadde sagt dei. Dei lét gutane leva. 18 Då kalla egyptarkongen jordmødrene til seg og sa: «Kvifor gjer de dette? De lèt gutane leva!» 19 Jordmødrene svara farao: «Hebrearkvinnene er ikkje som dei egyptiske. Dei er meir livskraftige. Før jordmora kjem til dei, har dei fødd.» 20 Då gjorde Gud vel imot jordmødrene, og folket vart stort og overlag talrikt. 21 Og fordi jordmødrene frykta Gud, gav han dei etterkomarar.

22 Då gav farao heile folket sitt dette påbodet: «Kvar nyfødd gut skal de kasta i Nilen, men døtrene skal de la leva!»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.