Gå til forsiden

Andre Mosebok

20

Dei ti boda

1 Gud tala alle desse orda:

2 Eg er Herren din Gud, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.

3 Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.

4 Du skal ikkje laga deg gudebilete, inga etterlikning av noko som er oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda. 5 Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg lokka til å dyrka dei! For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg, 6 men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.

7 Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud, for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.

8 Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag. 9 Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning, 10 men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine. 11 For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og helga han.

12 Du skal heidra far din og mor di, så du kan leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.

13 Du skal ikkje slå i hel.

14 Du skal ikkje bryta ekteskapet.

15 Du skal ikkje stela.

16 Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.

17 Du skal ikkje trå etter huset til nesten din. Du skal ikkje trå etter kona til nesten din, slaven eller slavekvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

18 Heile folket var vitne til torebraka og lynglimta, lyden av bukkehorn og røyken frå fjellet. Folket såg det og skalv og vart ståande langt borte. 19 Dei sa til Moses: «Tal med oss du, så skal vi høyra! Men lat ikkje Gud tala med oss, for då kjem vi til å døy.» 20 Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Gud er komen for å setja dykk på prøve, og for at de skal frykta han så de ikkje syndar.»

21 Så vart folket ståande langt borte, medan Moses nærma seg den tette skodda der Gud var.

Altaret

22  Herren sa til Moses: Dette skal du seia til israelittane: De har sjølve sett at eg har tala med dykk frå himmelen. 23 De skal ikkje laga dykk nokon gud ved sida av meg. Gudar av sølv eller gull skal de ikkje laga dykk.

24 Eit altar av jord skal du laga for meg. På det skal du ofra brennoffera og fredsoffera dine og småfeet og storfeet ditt. Overalt der eg lèt namnet mitt nemnast, skal eg koma til deg og velsigna deg. 25 Men om du lagar eit steinaltar for meg, skal du ikkje byggja det av hoggen stein. For bruker du meisel på steinane, vanhelgar du dei. 26 Du skal ikkje gå opp til altaret mitt på trapper, så du ikkje skal koma til å blotta deg framfor det.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.