Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Mosebok

25

Gåver til heilagdomen

1  Herren sa til Moses: 2 Sei til israelittane at dei skal koma med ei offergåve til meg. De skal ta imot gåve frå kvar den som gjev av eit villig hjarte. 3 Dette er gåvene de skal ta imot frå dei: gull, sølv og bronse, 4 purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff, tøy av fint lin og geiteragg, 5 raudfarga vêrskinn, andre fingarva skinn og akasietre, 6 olje til lampene, krydra balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen, 7 onyks-stein og andre steinar til å setja på efod-drakta og bryststykket. 8 Lat dei reisa ein heilagdom for meg, så vil eg bu midt iblant dei. 9 Denne bustaden og alt det som høyrer til i han, skal de laga nøyaktig etter den modellen eg viser deg.

Paktkista

10 De skal laga ei kiste av akasietre, to og ei halv alen lang, ei og ei halv alen brei og ei og ei halv alen høg. 11 Du skal kle henne med reint gull både innvendig og utvendig og laga ein gullkant rundt henne. 12 Du skal støypa fire gullringar og festa dei i dei fire hjørna, to ringar på den eine sida og to ringar på den andre sida. 13 Du skal laga berestenger av akasietre og kle dei med gull, 14 og stikka stengene inn i ringane på begge sider slik at de kan bera kista med dei. 15 Stengene skal alltid vera i ringane på kista; dei må aldri takast ut. 16 I kista skal du leggja vitnemålet som eg vil gje deg.

17 Du skal laga ein soningsstad av reint gull, to og ei halv alen lang og ei og ei halv alen brei. 18 På kvar side av soningsstaden skal du laga to kjerubar av hamra gull, 19 ein kjerub på den eine sida og ein kjerub på den andre sida. De skal laga dei slik at dei går i eitt med soningsstaden i begge endar. 20 Kjerubane skal lyfta vengene og breia dei utover slik at dei dekkjer soningsstaden. Kjerubane skal vera vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden. 21 Så skal du leggja soningsstaden som lok på kista, og i kista skal du leggja vitnemålet eg skal gje deg. 22 Der vil eg møta deg. Alt det eg pålegg deg å seia til israelittane, vil eg seia deg frå soningsstaden mellom dei to kjerubane som er over kista med vitnemålet.

Bordet med skodebrøda

23 Du skal laga eit bord av akasietre, to alner langt, ei alen breitt og ei og ei halv alen høgt. 24 Du skal kle det med reint gull og laga ein gullkant rundt det. 25 Så skal du laga ei list til bordet. Ho skal vera ei handsbreidd tjukk og gå heilt rundt. Rundt lista skal du laga ein gullkant. 26 Du skal laga fire gullringar til bordet og setja ringane i dei fire hjørna ved dei fire føtene. 27 Ringane skal vera inntil lista. Dei skal vera haldarar for stengene som er til å bera bordet med. 28 Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull. Med dei skal bordet berast. 29 Til bordet skal du laga fat og skåler, kanner og bollar til drikkofferet. Av reint gull skal du laga dei. 30 Syt for at det alltid ligg skodebrød på bordet framfor andletet mitt!

Lysestaken

31 Du skal laga ein lysestake av reint gull. Lysestaken med fot og stamme og skålene med knoppar og blomar skal hamrast ut av eitt stykke. 32 Seks armar skal gå ut frå lysestaken, tre på den eine sida og tre på den andre sida. 33 På den første armen skal det vera tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom; på den neste armen skal det vera tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom. Slik skal det vera på alle dei seks armane som går ut frå lysestaken. 34 På sjølve staken skal det vera fire mandelforma skåler med knoppar og blomar. 35 Det skal vera ein knopp under det første armparet, ein under det andre og ein under det tredje, det vil seia under alle dei seks armane som går ut frå lysestaken. 36 Knoppane og armane skal gå i eitt med staken. Det heile skal hamrast ut av eitt stykke reint gull. 37 Du skal laga sju lamper til lysestaken. Du skal setja dei opp slik at dei kastar lys rett framfor staken. 38 Tengene og oskeskuffene som høyrer til, skal vera av reint gull. 39 Lysestaken og alt utstyret skal lagast av ein talent reint gull. 40 Sjå til at du gjer arbeidet etter den modellen som vart synt deg på fjellet!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.