Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Andre Mosebok

34

Herren fornyar pakta med folket

1  Herren sa til Moses: «Hogg ut to steintavler som er like dei første! På dei skal eg så skriva dei same orda som stod på dei første tavlene, dei du slo sund. 2 Hald deg klar til i morgon tidleg! Då skal du gå opp på Sinai-fjellet. Der skal du stilla deg fram for meg på toppen av fjellet. 3 Ingen må gå opp saman med deg, og ingen må visa seg på heile fjellet. Korkje småfe eller storfe må beita framfor fjellet.»

4 Så hogg Moses ut to steintavler som var like dei første. Tidleg neste morgon gjekk han opp på Sinai-fjellet, slik Herren hadde bode han, og han hadde begge steintavlene med seg. 5 Då steig Herren ned i ei sky, stilte seg opp attmed han og ropa ut namnet Herren. 6  Herren gjekk framom han og ropa: « Herren er Herren, ein mild og nådig Gud, sein til vreide og rik på miskunn og sanning! 7 Han held fast på si miskunn i tusen slektsledd og tilgjev synd, skuld og lovbrot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. For synda til fedrane straffar han born og barneborn og tredje og fjerde slektsleddet.»

8 Straks bøygde Moses seg til jorda og tilbad. 9 Han sa: «Herre, dersom eg har funne nåde for auga dine, så gå med oss, Herre! Sjølv om dette er eit stivnakka folk, så tilgjev oss vår synd og skuld og gjer oss til din eigedom.»

10 Då sa Herren: No vil eg gjera ei pakt. Framfor heile folket ditt vil eg gjera underfulle gjerningar som før aldri er gjorde nokon stad på jorda eller blant noko folkeslag. Heile det folket du lever blant, skal sjå kor skremmande det er, det verket som eg, Herren, vil gjera med deg. 11 Gjev akt på det eg pålegg deg i dag! Sjå, eg vil driva ut for deg amorittane, kanaanearane, hetittane, *girgasjittane•, perisittane, hevittane og jebusittane. 12 Ta deg i vare så du ikkje gjer ei pakt med dei som bur i det landet du kjem til, så dei ikkje fangar deg i ei felle. 13 De skal riva ned altara deira og slå sund steinstøttene, og Asjera-pålane skal de hogga ned. 14 Du skal ikkje tilbe nokon annan gud, for Herren heiter Nidkjær; han er ein nidkjær Gud. 15 Du skal ikkje gjera noka pakt med dei som bur i landet! For dei driv hor med gudane sine og ofrar til dei. Dersom dei bed deg til seg, kjem du til å eta av offera deira. 16 Tek du koner til sønene dine blant døtrene deira, så vil døtrene deira driva hor med gudane sine og få sønene dine til å driva hor med gudane deira. 17 Du må ikkje laga deg støypte gudar.

18 Du skal halda høgtida med usyra brød. Sju dagar skal du eta usyra brød, slik eg har bode deg, til fastsett tid, i månaden abib. For i månaden abib drog du ut frå Egypt. 19 Alt som opnar morslivet, høyrer meg til; alle førstefødde hanndyr i buskapen din, anten det er storfe eller småfe. 20 Alt som opnar morslivet hos esla, skal du løysa ut med eit lam. Løyser du det ikkje ut, skal du bryta nakken på det. Kvar førstefødd blant sønene dine skal du løysa ut. Ingen må visa seg tomhendt for mitt andlet.

21 Seks dagar skal du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila. Sjølv om det er tid for å pløya eller hausta, så skal du kvila.

22 Du skal halda vekefesten når du haustar inn den første kveiten, og festen for innhaustinga når året er ute. 23 Tre gonger om året skal alle mennene hos deg stiga fram for Herren, Israels Gud. 24 For eg vil driva folkeslag bort for deg og utvida grensene dine. Ingen skal trå etter landet ditt medan du dreg opp for å stiga fram for Herren din Guds andlet tre gonger om året. 25 Du skal ikkje ofra blodet av slaktofferet mitt saman med noko som er syra, og offeret ved påskefesten må ikkje liggja natta over til neste morgon. 26 Det beste av førstegrøda frå jorda di skal du koma med til Herren din Guds hus. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.

27  Herren sa til Moses: «Skriv ned desse orda, for etter desse orda gjer eg ei pakt med deg og Israel.» 28 Moses var hos Herren i førti dagar og førti netter, og han smaka korkje mat eller drikke. Og han skreiv paktorda, dei ti boda, på tavlene. 29 Så gjekk Moses ned frå Sinai-fjellet; han hadde vitnemålet, dei to tavlene, i hendene då han gjekk ned frå fjellet. Moses visste ikkje at det stråla av andletet hans fordi Herren hadde tala med han. 30 Aron og israelittane såg at det stråla av andletet hans, og dei var redde for å koma nær han. 31 Men Moses ropa på dei, og då kom Aron og alle leiarane i forsamlinga til han, og han tala til dei. 32 Sidan kom alle israelittane til han, og Moses bar fram alle dei boda Herren hadde gjeve han på Sinai-fjellet. 33 Då Moses var ferdig med å tala med dei, la han eit slør over andletet sitt. 34 Men kvar gong han gjekk fram for Herrens andlet for å tala med han, tok han sløret bort til han skulle ut att. Og når han kom ut, tala han til israelittane om det som var sagt han føre. 35 Då såg israelittane korleis det stråla av andletet hans, og Moses la sløret over andletet att til han skulle inn og tala med Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.