Nyhet! Tidslinjen - 52 gjenfortalte bibelfortellinger med illustrasjoner og lyd.

Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Esekiel

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48

Forrige kapittelNeste kapittel

Døde knoklar blir levande
37Herrens hand kom over meg. Ved Herrens ande førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av knoklar.  2 Han førte meg omkring mellom dei. Sjå, det låg ei stor mengd med knoklar utover dalen, og dei var heilt tørre.  3 Då sa han til meg: «Menneske, kan desse knoklane bli levande att?» Eg svara: «Min Herre og Gud, det veit berre du.»  4 Han sa: «Tal profetord over desse knoklane og sei til dei: Tørre knoklar, høyr Herrens ord!  5 Så seier Herren Gud til desse knoklane: Sjå! Eg lèt det koma ånd i dykk, så de blir levande.  6 Eg fester sener på dykk, legg kjøt på, dreg hud over og gjev dykk andedrag så de blir levande. Då skal de kjenna at eg er Herren.»
   
 7 Eg tala profetord, som eg hadde fått bod om. Sjå, eg profeterte, og det tok til å buldra og skjelva. Knoklane la seg inn mot kvarandre, knokkel mot knokkel.  8 Eg såg, og sjå! – det kom sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over. Men ånd mangla dei.  9 Då sa han til meg: «Tal profetord til ånda! Menneske, tal profetisk og sei til ånda: Så seier Herren Gud: Kom, ånd, frå dei fire vindretningane og blås på desse drepne så det kjem liv i dei.»
   
10 Eg tala profetord, som han hadde bode meg. Då kom det ånd i dei, så dei vart levande. Dei reiste seg opp og stod på føtene. Det var ein umåteleg stor hær.
   
11 Så sa han til meg: Menneske, desse knoklane er heile Israelsfolket. Høyr kva dei seier: «Våre knoklar har tørka inn, vår von er knust. Det er ute med oss!» 12 Tal difor profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav. Så fører eg dykk til Israels-landet. 13 Mitt folk, de skal kjenna at eg er Herren når eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav! 14 Eg gjev dykk mi ånd, så de blir levande, og lèt dykk finna kvile i dykkar eige land. Då skal de kjenna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, seier Herren.
Herren sameinar Israel og Juda
15 Herrens ord kom til meg: 16 Du menneske, ta deg ein trestokk og skriv på han: «For Juda og israelittane, venene hans.» Ta så ein annan stokk og skriv på han: «For Josef – Efraims stokk – og heile Israels hus, venene hans.» 17 Set dei saman, stokk mot stokk, så dei blir til éin trestokk i handa di. 18 Når så folket ditt spør: «Kan du ikkje fortelja oss kva du meiner med dette?» 19 – då skal du svara: Så seier Herren Gud: Sjå, eg tek Josefs trestokk, som er i Efraims hand og hos Israels stammar, venene hans, og set han saman med Judas stokk. Så gjer eg dei til éin stokk, dei blir til éin i handa mi. 20 Stokkane som du skriv på, skal du halda i handa framfor auga på dei. 21 Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg hentar israelittane frå dei folkeslaga som dei fór bort til. Eg samlar dei frå alle kantar og fører dei til deira eige land. 22 Så gjer eg dei til eitt folk i landet, på Israels-fjella. Alle skal dei ha ein og same kongen. Dei skal ikkje lenger vera to folkeslag og ikkje meir vera delte i to kongerike. 23 Då skal dei ikkje gjera seg ureine meir med avgudane sine og alt det motbydelege og alle brota sine. Eg vil berga dei frå alle stadene der dei levde i synd, og eg vil gjera dei reine. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.
   
24 Min tenar David skal vera konge over dei, og alle skal dei ha éin gjetar. Dei skal følgja lovene mine og halda forskriftene mine, så dei lever etter dei. 25 Så skal dei få bu i landet som eg gav min tenar Jakob, og som fedrane dykkar budde i. Dei skal bu i det for alltid, både dei og borna og barneborna deira. Og min tenar David skal vera deira fyrste for alltid. 26 Eg gjer ei fredspakt med dei; det skal vera ei evig pakt. Eg lèt dei bli mange. Eg set min heilagdom hos dei for alltid. 27 Min bustad skal vera hos dei. Eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk. 28 Folkeslaga skal kjenna at eg er Herren som helgar Israel, når min heilagdom er hos dei for alltid.
Forrige kapittelNeste kapittel

16. oktober 2021

Dagens Bibelord

Jeremia 29,4–7

Les i nettbibelen

4Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel: 5Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta! ... Vis hele teksten

4Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel: 5Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta! 6Ta dykk koner og få søner og døtrer! Ta koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. Der skal de bli fleire og ikkje færre. 7De skal fremja fred for den byen eg har ført dykk til i eksil, og de skal be til Herren for han! For når han har fred, har de òg fred.